Stethoscope.jpg Stetoskop (av gr. «stethos», brystkasse og «skopeein», undersøkja) er eit akustisk medisinsk apparat som vert brukt til å lyda til innvortes lyd i ein kropp (auskultasjon). Oftast vert det nytta til undersøking av lyd frå hjarte, respirasjonslyd frå lungene, tarmlyd, væskestraum gjennom blodårer og fosterlyd. Stetoskop vert også nytta av mekanikarar for å isolera lydar frå rørlege maskindelar.
Stetoskopet vert nytta som hjelp til å diagnostisera visse sjukdomar. Det er i stand til å overføra til øyra somme lydar og til å utelata andre. Før stetoskopet vart funne opp, måtte lækjarane leggja øyra inntil kroppen til pasientane.
Stetoskop vert ofte sett på som eit symbol på lækjarane som yrkesgruppe, og lækjarar er ofte sedde eller teikna med eit stetoskop hangande kring halsen.
Det finnst no to typar stetoskop, akustiske og elektroniske.
Akustiske stetoskop er kjende for dei fleste, og verkar ved å overføra lyd frå bryststykket, gjennom luftfylte røyr til øyrene til den som undrsøkjer. Bryststykket har som oftast to sider som kan plasserast mot pasienten, ei flat side dekt av ein membran og ei klokkeforma, konkav side. Når membranen vert plassert inntil kroppen til pasienten, vil lydar frå kroppen få membranen til å vibrera. Dette skaper akustiske trykkbølgjer som går gjennom røyra opp til øyra til undersøkjaren. Når den konkave sida («klokka») vert lagt inntil pasienten, vil vibrasjonar i huda direkte danna akustiske trykkbølgjer som vert overførte på samme måten. Klokka overfører lågfrekvent lyd, medan membranen overfører lyd med høgare frekvens. Det to-sidige stetoskopet vart funne opp av Rappaport og Sprague i første del av det 20. hundreåret. Ulempa med akustiske stetoskopet er at lydstyrken er svært låg, og dette kan gjera diagnosen vanskeleg.
Elektroniske stetoskop unngår låg lydstyrke ved å forsterka lydane frå kroppen. For tida tilbyr fleire produsentar elektroniske stetoskop, og ein må rekna med at desse er i meir vanleg bruk enn akustiske i løpet av nokre få år.
Stetoskop | Stetoskop | Stetoskop | Stethoskop | Stethoscope | Estetoscopio | Fonendoskopio | Stéthoscope | Stetoskop | Stetoscopio | מסכת | Stethoscoop | 聴診器 | Stetoskop
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Stetoskop".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world