Somalia (somali: Soomaaliya; arabisk: الصومال, As-Sumal) er eit land på austkysten av Afrika. Somalia grensar i vest til Djibouti, Etiopia og Kenya. I nord har landet ei kystline mot Adenbukta og i søraust mot det indiske havet.
Somalia har lenge vore prega av borgarkrig og staten er i realiteten gått i oppløysing. Det finst inga samla regjering eller andre fungerande statsorgan. Den 10. oktober 2004 valde eit parlament beståande av ulike klanfolk, militsleiarar og forretningsfolk Abdullahi Yusuf, president for Puntland-regionen, til president for heile Somalia. Av tryggleiksgrunnar fann møtet stad i Kenya sin hovudstad Nairobi. Yusuf er anerkjent internasjonalt, men det er fortsatt usikkert om dette kan føre til ei samling av landet.
I 1993 vart det sendt ein 28.000 mann stor FN-styrke under leiing av USA til Somalia for å sikre leveransane av matvarehjelp samt avvæpne dei stridande hærane. Dette var fyrste gong FN greip militært inn i eit medlemsland uten dette sin aksept. Aksjonen vart mislukka, FN-styrkane lidde eit audmjukande nederlag i Mogadishu som seinare danna grunnlaget for filmen Black Hawk Down. Etter to år vart styrken trekt tilbake i 1995.
Den nordvestlege delen, Somaliland, erklærte seg sjølvstendig i 1993, og den nordaustlege regionen Puntland i 1998, men ingen av dei er internasjonalt anerkjent. Ein grensetvist pågår mellom dei to statane om to grenseprovinsar inne på Somalilands område. Dei to provinsane, som saman utgjer den nordlege halvparten av Somalia, er eit roleg område utan krig, i motsetnad til den kaotiske sørlege delen. Både i Somaliland og Puntland har det på fredeleg vis vorte gjennomført demokratiske val.
I byrjinga av juni 2006 erobra islamistiske styrkar Mogadishu etter dei hardaste kampane i hovudstaden på mange år, og sende koalisjonen av verdslege krigsherrar på flukt nordover. Med det vart heile byen for fyrste gong kontrollert av éi makt sidan Muhammed Siad Barre vart styrta i 1991. Dei nye makthavarane går under namnet Samveldet for islamsk lov og seier at dei vil etablera ein religiøs stat i Somalia.
Somalia sin servicesektor har lukkast i å vekse. Telekommunikasjonsselskap har bygd opp trådlause nett i dei fleste større byane og tilbyr Afrika sine lågaste prisar på internasjonal telefoni. I mangel av formelle bankar blomar valutavekslingsmarknaden. Hotellbransjen fungerer, og tryggleiken på hotella vert ivareteken av militsar. Noka større økonomisk utvikling er ikkje venta så lenge strida i landet held fram. Inflasjonen er på over 100%, mykje av dette kjem av omfattande falskmynteri.
Somalia ligg på ei halvøy på Afrika sin austkyst med Adengolfen mot nord og det Indiske hav mot aust. Saman med Etiopia og Djibouti vert området kalla Afrikahornet. Kystlina er 2.720 km lang.
Nordvest-Somalia (Somaliland) er prega av fjell og eit tørt klima. Berre ved elvane Juba og Shebelle er det fruktbare område.
Somalia | Somalia | Somalia | Somalië | ሶማሊያ | الصومال | Somalia | Somalia | Somalija | Сомалия | Somàlia | Somálsko | Somalia | Somaalia | Somalia | Somalia | Somalio | Somalia | سومالی | Somalie | Somalia | Somalia - Soomaaliya | 소말리아 | सोमालिया | Somalija | Somalia | Somalia | Sómalía | Somalia | סומליה | Somali | Somaliya | Somalia | Somālija | Somalis | Szomália | Сомалија | Somalia | Somalië | ソマリア | Somalia | سومالى | Somalia | Somalia | Somália | Somalia | Somalia | Сомали | सोमालिया | Somalia | Somalia | Somálsko | Somalija | Soomaaliya | Сомалија | Somalija | Somalia | Somalia | ประเทศโซมาเลีย | Somalia | Somali | Сомалі | 索马里