article

Smeltepunktet til eit stoff er den temperaturen der stoffet går over frå fast til flytande fase. Når me snakkar om den motsette prosessen kallar me den same temperaturen frysepunktet.

Til forskjell frå kokepunktet blir smeltepunktet til eit stoff relativt lite påverka av trykket i atmosfæren rundt det. Smeltepunktet kan likevel senkast markert ved hjelp av andre stoff som er oppløyst eller blanda i stoffet. Til dømes er frysepunktet til vatn 0°C, medan frysepunktet til vatn med 40% etanol er omlag −20°C.

For grunnstoff er det ein viss samanheng mellom smeltepunkt og plassering i periodesystemet. Transisjonsmetalla har høge smeltepunkt som stort sett aukar ned gjennom gruppene i periodesystemet. Alkalimetall og jordalkalimetall har relativt låge smeltepunkt. Trenda er at smeltepunkta for desse stoffa minkar ned gjennom gruppene.

Sjå òg


Kjemi

Smeltepunkt | Smältpunkt | Smeltepunkt | Smeltpunt | نقطة انصهار | Talište | Температура на топене | Punt de fusió | Teplota tání | Schmelzpunkt | Sulamistemperatuur | Σημείο τήξης | Melting point | Punto de fusión | Frostopunkto | دمای ذوب | Température de fusion | 녹는점 | Talište | Titik lebur | Bræðslumark | Punto di fusione | נקודת התכה | Kušanas temperatūra | Lydymosi temperatūra | Olvadáspont | Точка на топење | Smeltpunt | 融点 | Temperatura topnienia | Ponto de fusão | Punct de topire | Температура плавления | Tališče | Тачка топљења | Sulamispiste | จุดหลอมเหลว | Ergime noktası | Температура плавлення | 熔点

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Smeltepunkt".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld