Republikken Slovenia (slovensk Republika Slovenija) er eit land sør i Europa. Landet grensar til Italia i vest, Adriahavet i sørvest, Kroatia i sør og aust, Ungarn i nordaust og Austerrike i nord. Slovenia var del av Austerrike-Ungarn fram til 1918 då det vart ein del av Serbarane, Kroatane og Slovenarane sitt kongedømme, som I 1929 endra navn til Jugoslavia. Det vart sjølvstendig frå Jugoslavia i 1991. Det er medlem av den Europeiske Unionen sidan 1. mai 2004.
På kysten er det middelhavsklima, i fjellet alpint klima og i dalane og viddene i aust kontinentalt klima med milde somrar og kalde vintrar. Snittemperaturen er -2°C i januar og 21°C i juli. Årleg nedbør er i snitt 1000 mm på kysten, opp til 3500 med mer i Alpane, 800 mm i søraust og 1400 mm sentralt i Slovenia.
Dei største byane er hovudstaden Ljubljana (266 000 ib., 495 000 i det større byområdet), Maribor (111 000) og Celje (481 000).
Med 99 ibuarar per kvadratkilometer er Slovenia relativt tynt folkesett etter europeiske tilhøve. Om lag 51 % av folket bur i byar og 49 % på landsbygda. Forventa levetid er 72,2 år for menn og 80 år for kvinner (2003). Folketalet i Slovenia er svakt synkande.
Slovenia vart del av grenselandet mot Det osmanske riket, som ved to anledningar nådde heilt til Wien med hærane sine. Det vart ofte herja, men vart aldri erobra av ottomanarane. På 1400-talet og 1500-talet forekom hyppige bondeopprør, og då reformasjonen kom på 1500-talet vart mange slovenarar protestantar. I samanheng med dette vart den første boka på slovensk trykt i 1551 av Primož Trubar, og ei slovensk bibelomsetjing og slovensk grammatikk vart laga. Men med motreformasjonen vart Slovenia igjen katolsk område. Dei neste 300 åra var Slovenia ein roleg del av Habsburg-riket. På 1700-talet vart alminnelig skuleplikt innført, med undervisning på dei lavaste klassetrinna. I 1782 vart liveigenskapet avskaffa og fri religionsutøving tillatt. I 1797 kom den første slovensk-språklege avisa, Ljubljanske Novice. I 1809 vart Slovenia erobra av det franske keisarriket under Napoléon Bonaparte, og Ljubljana vart hovudstad for Frankrike sine illyriske provinsar. Etter slutten på napoleonskrigane i 1814 vart den gamle orden gjeninnført.
Utover 1800-talet vaks den slovenske nasjonalrørsla, mellom anna inspirert av tida under Napoleon. Slovenarane var dessuten på denne tida under sterkt germaniseringspress. Det slovenske språket hadde lav status, og for å stiga i dei sosiale gradene måtte ein "bli tysk". Diktaren France Prešeren (1800-1849 viste at det slovenske språket kunne brukast til høgverdig litteratur, og har seinare fått ein status som slovensk nasjonaldiktar. Under revolusjonane i Europa i 1848 vart tanken om større slovensk sjølvstyre for fyrste gong fremja. Utover 1800-talet reiste kravet seg om at dei slovenske områda, som framleis var delt mellom dei gamle hertugdøma Kärnten, Steiermark og Krain, skulle slåast saman til eitt område med indre sjølvstyre. I 1867 fekk Ungarn status som eige kongedøme, og det austerrikske keisarriket vart til dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn. Fleire og fleire slovenarar slutta seg til den sør-slaviske (jugoslaviske) tanken - at dei sørslaviske folka, slovenarar, kroatar og serbarar innad i keisarriket, skulle slutta seg saman og få lik status som Ungarn, slik at dobbeltmonarkiet ville verta eit trippelmonarki.
Denne tanken fekk ikkje gjennomslag før den første verdskrigen braut ut. Då denne førte til det totale samanbrot for Austerrike-Ungarn gjekk slovenarane med i den nye staten Serbarane, kroatane og slovenarane sitt kongerike, som i 1929 endra navn til kongeriket Jugoslavia. Kystområda vart okkuperte av Italia. Fullt sjølvstende vart ikkje vurdert seriøst av slovenarane på denne tida, då landet verka for lite til å overleva som eigen stat i dei urolege tidene som då var. Monarken i det nye kongeriket var den gamle kongen av Serbia, og slovenarane oppfatta staten som sterkt serbisk dominert. Med grunnlovsendringa som medførte navneskiftet til Jugoslavia i 1929 forsvann òg navnet Slovenia, nye provinsgrenser vart trekte opp og det meste av Slovenia vart del av Dravska banovina. Dessutan avskaffa kongen politiske parti og tok makta i eit kongeleg diktatur.
Då den andre verdskrigen braut ut var Jugoslavia frå starten av nøytralt, men 25. mars 1941 vart regenten, prins Paul, pressa til å inngå allianse med aksemaktene. To dagar etter vart han avsett i eit militærkupp. Tyskland reagerte med å invadera Jugoslavia 6. april 1945, støtta av Italia, Ungarn og Bulgaria. Slovenia vart delt opp mellom Italia, Tyskland og Ungarn. Okkupasjonstida var ei blodig tid i heile Jugoslavia, med uoversiktlege konfliktlinjer mellom kommunistiske partisanar under Tito og andre motstandsgrupperingar, som ofte endte opp med å alliera seg heilt eller delvis med dei tyske og italienske okkupantane mot kommunistane. I Slovenia oppsto ein organisasjon kalla domobranstvo (heimevern) (deltakarane domobranci), som var drivne av anti-kommunisme og kjempa mot partisanane, som òg var aktive i Slovenia. Etter slutten av krigen gjennomførte Tito sine partisanar i mai 1945 omfattande massakrar på domobranci, kroatiske ustasja-soldatar og andre som hadde prøvd å flykta til den britiske okkupasjonssona i Austerrike, den såkalla Bleiburg-massakren. Antalet drepte er vanskeleg å stadfesta, men går opp i fleire titusen. Den tyske minoriteten vart driven ut av landet. Med fredsavtalen overtok Jugoslavia dei slovenske områda som hadde vore italienske i mellomkrigstida, men målet om òg å få byen Trieste, som hadde ein stor slovensk minoritet, vart ikkje oppnådd. Jugoslavia vart reorganisert som ein sosialistisk føderasjon, og Slovenia vart ein av dei seks delrepublikkane.
Under Tito sitt styre var landet eit stabilt kommunistisk diktatur, men etter Tito sitt brot med Stalin i 1948 på mange måtar friare enn landa som låg under sovjetisk dominans. Etter at Tito døydde i 1980 vart leiarskapet overtatt av eit kollektivt presidentskap med ein representant frå kvar republikk, med rullerande leiarskap for eit år om gongen. Slik prøvde ein å behalda stabiliteten, men dei indre spenningane i føderasjonen meir og meir tydelege. Økonomiske nedgangstider førte til at Slovenia raskt sakka akterut i levestandard for dei kapitalistiske nabolanda, sjølv om det var den rikaste av dei jugoslaviske delrepublikkane. I 1986 vart Milan Kučan partisjef i kommunistpartiet i Slovenia og starta ein liberaliserings- og demokratiseringsprosess. Den auka pressefridomen som han tillot skapte store spenningar i forhold til det kommunistiske leiarskapet sentralt og den føderale hæren. I 1989 heldt Slovenia det første frie valet i Jugoslavia, då det skulle veljast ny slovensk representant til det føderale presidentskapet. Kommunistpartiet sin kandidat tapte valet for opposisjonskandidaten Janez Drnovšek. Etter at Slobodan Milošević kom til makta i Serbia, den største av delrepublikkane, oppsto det stadig spørre spenningar mellom Slovenia og Serbia. 23. januar 1990 marsjerte den slovenske delegasjonen ut av Jugoslavias kommunistforbund sin ekstraordinære partikongress etter at dei ikkje hadde lukkast i å få fleirtal for eit einaste av ei rekkje reformforslag dei hadde fremja. Slovenia gjekk lenge inn for ei omorganisering av Jugoslavia til ein lausare konføderasjon, men då det viste seg umogleg å få Serbia med på dette vart det større og større oppslutning om tanken å forlata Jugoslavia. I april 1990 heldt Slovenia dei første frie parlaments- og presidentvala, der opposisjonskoalisjonen DEMOS kom til makta. Kučan vart vald til president. 23. desember 1990 vart det heldt folkerøysting om sjølvstende frå Jugoslavia, som gav 88,5 % fleirtal for lausriving. 26. juni 1991 erklærte Slovenia seg som sjølvstendig stat, noko som utløyste ein ti dagar lang krig mot den jugoslaviske hæren. Dei slovenske styrkane beseira hæren militært, og hæren vart forhindra frå å fortsetja krigen av det serbiske leiarskapet i Beograd, som var villige til å la Slovenia gå og heller bruka militære ressursar i den komande krigen i Kroatia. Meklarar frå EU forhandla fram ein avtale om at Slovenia skulle leggje sjølvstendeerklæringa på is i tre månader, mens den jugoslaviske hæren trekte seg ut. 15. januar 1992 vart Slovenia sitt sjølvstende anerkjent av EU, og 22. mai vart landet medlem av FN, saman med dei andre post-jugoslaviske statane.
Sidan sjølvstendet har Slovenia vore prega av stabilitet. Landet er ein av dei rikaste av dei tidlegare kommuniststatane i Aust-Europa. Det har vore stor politisk semje om å verta med i den europeiske integreringsprosessen. Etter folkerøystingar vart Slovenia medlem i NATO 29. mars 2004 og EU 1. mai 2004.
Noreg har hatt ein ambassade i Ljubljana sidan 1. desember 2003.
Landet har dei siste åra gjennomført privatisering i bankvesenet, telekommunikasjon og offentlige tenester. Restriksjonar på utanlandske investeringar har blitt bygd ned og direkte utanlandsk investering er venta å auka. Dei viktigaste handelspartnarane er Tyskland, Italia og Austerrike.
Slovenia planlegg å innføra den europeiske fellesvalutaen euro frå 1. januar 2007.
Minoritetsspråka italiensk og ungarsk har offisiell status i delar av landet.
Slovenia | Slovenien | Slovenien | Slowenië | Slowenien | سلوفينيا | Eslobenia | Eslovenia | Slovenia | Славенія | Slovenija | Словения | Eslovènia | Slovinsko | Slofenia | Slowenien | Sloveenia | Σλοβενία | Slovenia | Eslovenia | Slovenio | Eslovenia | اسلوونی | Slovenia | Slovénie | Sloveenje | Slovenie | Eslovenia - Slovenija | 슬로베니아 | स्लोवेनिया | Slovenija | Slovenia | Slovenia | Slovenia | Словени | Slóvenía | Slovenia | סלובניה | სლოვენია | Sloveni | Slovenya | Slovenia | Slovēnija | Slowenien | Slovėnija | Slovenië | Szlovénia | Словенија | Slovenja | Slovenia | Slovenië | Sloveniën | スロベニア | Eslovenia | سلوۋېنىيە | Slowenien | Słowenia | Eslovénia | Slovenia | Словения | Sllovenia | Slovenia | Slovinsko | Slovenija | Словенија | Slovenija | Slovenia | Slovenia | ประเทศสโลวีเนีย | Slovenya | Словенія | Slovenän | Sloveeniä | 斯洛文尼亚
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Slovenia".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world