article

Sjå òg sleggjekast

Vorschlaghammer.jpg Ei sleggje er ein stor, tung hammartype med langt skaft. Hovudet er som regel av metall. Det er sjeldan heilt spisst, men kan i staden vera flatt eller avrunda.

Ein som bruker sleggja vil som regel halda skaftet i begge hendene og slenga henne rundt med heile overkroppen. All krafta blir samla i hovudet, som vil treffa målet med stor kraft.

Bruk


Sleggjer kan brukast til å bryta sund berg og grunn og riva ned byggverk. Dei er viktige reiskap i byggjekunst, transportutbyggjing, gruvedrift og geologisk feltarbeid.

Sleggjer er blitt brukte i kunst og andre offentlege uttrykk, mellom anna i det kjende diktet «Sleggja» av Olav H. Hauge og i songen «Sledgehammer» av Peter Gabriel. Bruk av sleggje på eit eller anna vis er ikkje uvanleg i opptredenar eller demonstrasjonar der utøvaren ønsker å uttrykka «vald» eller «kraft».

Reiskapen er òg brukt som retorisk metafor for tungtslåande, ureflekterte argument.

reiskapar

Вария | Vorschlaghammer | Sledgehammer | Masse (outil) | Leka

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Sleggje".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld