Gray326.png.]] Skuldra, herda eller aksla er den delen av menneskekroppen som bind armen til overkroppen.
Arm muscles front superficial.png | Arm muscles back.png
Ei rekke musklar gjer at ein kan røre skuldra på ulike måtar. Eit ytre lag av store musklar står for store armrørsler medan mindre musklar hjelper til med å koordinera finare rørsler. Dei fleste musklane finst i par som dreg i motsett retning. Musklane i skuldra har òg i oppgåve å halda humeroskapularleddet stabilt.
Skuldra er ein komplisert kroppsdel, og er derfor lett utsett for skader. Mellom anna kan leddet bli ustabilt slik at skuldera går lett ut av ledd eller det kjennest ut som ho skal gjera det. Ein annan type liding er såkalla frosen skulder, ei verkande, stivna skulder. Akutt eller kronisk senebetennelse på grunn av kraftig eller stadig påkjenning er likevel ein av dei vanlegaste skulderlidingane.
Axel (kroppsdel) | Espatlla | Schulter | Schulter | Shoulder | Hombro | Ŝultro | Épaule | כתף | Schouder | 肩 | Ombro | Shoulder | Olkapää