Black Death.jpg, som er best kjend frå epidemien Svartedauden.]] Wergeland sykeleie.jpg var prega av sjukdom.]]
Sjukdom er nedsett helsetilstand som kan koma på grunn av ytre påverking, indre ubalanse eller ein inntrengjar i kroppen. Sjukdommar kan vera alt frå mildt plagsomme til smertefulle og dødelege. Dei kan koma til enkeltindivid eller smitta i store epidemiar. Dei aller fleste organismar kan utsetjast for sjukdom.
Sjukdommar kan òg koma som følge av hormonell ubalanse, på grunn av arvestoff som er svekka ved fødselen eller seinare, eller rett og slett fordi kroppen blir eldre.
Ofte er symptoma på sjukdommen eit teikn på at immunforsvaret er i ferd med å reinska kroppen. Ellers kan det vera at inntrengjaren har teke over så mykje at eitt eller fleire organ sluttar å verka.
Sjukdommar kan finnast konstant i eit folk som lærer seg til å leva med dei, eller koma i voldsame epidemiar som kan påverka samfunnet dramatisk. Europearar levde til dømes nokså uplaga med forkjøling og influensa, men desse spreidde seg fort og drepte urimeleg mange i område der menneska ikkje var vane med dei.
Sjukdommar | Helse | Medisin
Sykdom | Sjukdom | Sygdom | Krankheit | Pīⁿ | Kleñved | Malaltia | Nemoc | Krankheit | Disease | Enfermedad | Malsano | Gaixotasun | بیماری | Maladie | Morbo | Penyakit | Maladia | Malattia | מחלה | Penyakit | Ziekte | 病気 | Choroba | Doença | Болезнь | Disease | Choroba | Bolezen | Karamdaman | โรค | 疾病