article

Sitron (citrus limon) er ei sitrusfrukt som vert dyrka i California og i landa rundt Middelhavet. Ho er avlang med lys gult fruktkjøt og gult skal. Sitrontreet blomstrar året rundt, og det er derfor vanleg å sjå både frukt og blomar på same treet.

Sitron er rik på c-vitamin, medan smaken er syrleg, noko som kjem av eit høgt innhald av sitronsyre. Både kjøt, saft og skal vert brukt i matlaging.

Ein lager mellom anna den gode tørstedrikken limonade av sitronsaft, og bruker elles frukta som pynt på mat og til drikkar, der ho kan vera viktig for smaken. Syra i sitronsafta nøytraliserar smaken av aminar i fisken, medan han ganske enkelt gjev ekstra smak til mange drikkar.

Ein har funne restar av sitron i Pompeii, noko som viser at romarane kjende til frukta. Ho blei likevel gløymd i Europa, men blei introdusert til Arabia frå India rundt 900-talet. Namnet kjem frå persisk لیمو limu.

Lemon.jpg

Frukt | Sitrusfrukter

Sitron | Citron | Citron | ليمون | Limun | Лимон | Llimona | Zitrone | Lemon | Citrus x limon | Citrono | Citron | Limón | Limun | Lemon | Citrus × limon | לימון | Citrina | Citrom | Citroen | レモン | Cytryna zwyczajna | Limão | Лимон | Limoni | Lemon | Limona | Лимун | Sitruuna | เลมอน | Limon | 柠檬

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Sitron".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld