Ein sisít (hebr. צִיצִת el. צִיצִית *; fleirtal sisijót), òg skrive tsitsit og tzitzis, er ei hjørnefrynse på ein jødisk tallét (bønesjal).
Tekhélet
Fram til
800-talet hadde sisijót, som generelt er kvite, éin tråd farga med det
blåe fargestoffet
tekhélet. Etter den tid er tilverkingsmåten for tekhélet vorten gløymd, og
rabbanittisk jødedom meiner at ein ikkje kan bruke andre fargestoff for blåfargen i sisijót enn den originale tekhélet. Det er derfor vanlegast i nyare tid å sjå einsfarga kvite sisijót. Etter
karaittisk jødedom kan kva blått fargestoff som helst som er lys- og vaskeekte bli bruka til tekhélet. To mindre grupper av
rabbanittiske jødar brukar i dag
tekhélet i sine sisijót, men båe dei to variantane er sterkt omstridde.
Sjå òg
Jødedom
Zizit | Tzitzit | ציצית | ツィーツィート | Cicit | Tzitzit | Tsitsit