Senterpartiet (SP) er eit norsk politisk parti med grunnlag i den norske primærnæringsrørsla (bonde- og fiskarrørsla) som vart stifta på landsmøtet i Noregs Bondelag i 1920. Partiet vart kalla Bondepartiet og var det andre klassepartiet i Noreg, etter Arbeidarpartiet. Partiet braut dei organisatoriske banda til bonderørsla allereie i 1922, og i 1959 endra dei namn til Senterpartiet.
Senterpartiet er blant dei klåraste motstandarane mot norsk medlemskap i EU. Dei arbeidar for desentralisering av statleg makt, og at økologiske (miljømessige) hensyn må vere grunnleggande for staten og i samfunnet generelt.
Senterpartiet sit, frå 17. oktober 2005, i fleirtalsregjeringa Stoltenberg II saman med Arbeidarpartiet og SV. Regjeringsforhandlingane vart gjort på Soria Moria.
Førre gong Senterpartiet sat i regjering, var det saman med KrF og Venstre i Sentrumsregjeringa. Det var den første regjeringa i norsk historie som gjekk av etter å ha møtt stor motstand i Stortinget mot ei miljøsak; gasskraftsaka.
Partileiaren i Senterpariet heiter Åslaug Haga. Partiet har to nestleiarar; Liv Signe Navarsete og Lars Peder Brekk. Ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet heiter Senterungdomen, og partiavisa heiter Sentrum. Kvinnerørsla i partiet heiter Senterkvinnene og partiet har eit eige Samepolitisk Råd.
Partiet reknar seg sjølv som ein garantist mot norsk EU-medlemskap.
Senterpartiet campaining Norwegian Storting elections 2005 Picture from Nærbø at Jæren .JPG. Bilete frå Rogaland fylke.
Foto: Gunnernett]]
Organisasjonen skulle gjere bøndene sine krav tydelegare, og skape alliansar med representantar i dei to rådande partirørslene; Høgre og Venstre. På stiftingsmøtet vart det gjort framlegg om å stifte eit eige parti for norske bønder, for å betre vilkåra for primærnæringane i Noreg, men det samla ikkje nok stønad.
I den her perioden kom det fram mange mange fleire interesseorganisasjonar for primærnæringane (og i arbeidarklassen) i Noreg.
1920: Norges Bondelag vedtek å stifte eit eige politisk parti; Bondepartiet (no: Senterpartiet).
Hovudsakene for Bondepartiet i dei første åra:
1921: Bondepartiet deltok i sitt første stortingsval, og overraska store deler av den politiske elita med 15% av røystene. Med det var Bondepartiet allereie eit parti å rekne med i den første stortingsperioden, noko som er veldig sjelden i norsk og europeisk politisk historie.
1922: Noregs Bondelag hadde to representantar i styret til Bondepartiet, og koplinga mellom dei to var lik koplinga mellom LO og Arbeidarpartiet. Men allereie to år etter stiftinga, i 1922, braut Bondepartiet dei organisatoriske banda til Noregs Bondelag.
Men samstundes som Bondepartiet styrka sin eigen stønad i bonderørsla, utvikla partiet ein sjølvstendig politikk i den her perioden. Bondepartiet utvikla ein økonomisk politikk som mellom anna var sterkt inspirert av tankane til John Maynard Keynes, og gjekk heilt klårt i sosialliberal retning; med tru på at staten lyt vere ein regulerande aktør i marknaden; spesielt i krisetider. Bondepartiet sin økonomisk politikk var no grunna i ein teori om blandingsøkonomi.
Den her utviklinga danna grunnlaget for at Bondepartiet gjekk inn i eit kriseforlik med Arbeidarpartiet i 1935, som førte Arbeidarpartiet til makta. Forliket mellom dei to partia bygde truleg ikkje på ein brei meiningsfellesskap, men på at Bondepartiet ønskte at marknaden måtte leggast under ei viss statleg regulering, og noko betra vilkår for Bygde-Noreg. Slagordet frå det store kriseforliket vart By og land, hand i hand, eit av dei mest populære politiske slagorda i norsk historie; som òg markerte grunnlaget for forliket.
Med kriseforliket hadde dei to klassepartia i Noreg gått inn i eit samarbeid for første gong. Men sidan Arbeidarpartiet fekk so stor makt i Stortinget laut Bondepartiet trekke mot høgresida for å prøve å få gjennomslag for opposisjonspolitikken sin - og det gjekk difor lang tid før dei samarbeidde igjen.
Den første Bondepartiregjeringa var, og er framleis særs omstridd:
Fanesaka for Senterpartiet låg ikkje lenger hos primærnæringane åleine; no var ein generell distriktspolitikk det grunnleggande temaet for partiet. I løpet av 60-talet vart konfliktlinene i desentraliseringspolitikken til Senterpartiet utarbeidd: sentralisering mot desentralisering - sentrum mot periferi''
I 1965 hadde partiet bygd seg so mykje opp at senterpartileiaren Per Borten tok regjeringsmakta i ein brei koalisjon mellom alle partia som den gongen låg til høgre for Arbeidarpartiet; Senterpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Høgre. På den måten braut Senterpartiet det Arbeidarparti-styret dei sjølve hadde vore med å legge grunnlaget for.
Nei-sida vann EF-avrøystinga i 1972, og Arbeidarparti-regjeringa til Trygve Bratteli gjekk av. Senterpartiet gjekk partiet inn i den første Sentrumsregjeringa i norsk historie saman med Kristeleg Folkeparti og EU-motstandarane i Venstre - ei rein nei-regjering under leiing av KrF-leiar Lars Korvald. Regjeringa sat berre eit år, fram til Stortingsvalet 1973. Senterpartiet fekk berre eitt mandat meir enn ved førre val, trass i å ha vore på den vinnande sida i EF-striden.
Gjennom 80-talet vart Senterpartiet kjent som eit særs pragmatisk parti. Partiet søkte sigrar i enkeltsaker og forsøkte å verne om hovudverdiane sine gjennom enkeltståande samarbeid med dei borgarlege partia på Stortinget. Partiet sat i to regjeringar saman med Høgre og KrF, under Høgre-leiarane Kåre Willoch frå 1983 til 1986 og Jan P. Syse frå 1989 til 1990. Oppslutnaden hos velgarane gjekk stadig nedover - og i ettertid har det vorte hevda at problemet til Senterpartiet var at dei såg ut som dei var ein del av høgresida.
Ved kommunevalet i 1991 fekk Senterpartiet overraskande stor framgang. I stortingsvalet i 1993 var EU-striden fullstendig dominerande i media, noko Senterpartiet tente på. Partiet gjorde sitt beste val nokonsinne med 16,7 % av røystene, og vart det nest største partiet på Stortinget. Nei-sida vann EU-avrøystinga i 1994.
Etter "det store EU-valet" sank oppslutninga til Senterpartiet. I 1997 gjekk det med i den andre norske Sentrumsregjeringa med SP, KrF og Venstre, der Kjell Magne Bondevik (KRF) var statsminister frå 1997-2000. Det var den første regjeringa i norsk historie som gjekk av etter eit kabinettspørsmål om ein miljøsak; gasskraftsaka.
Stortingsvalet i 2001 vart det dårlegaste stortingsvalet for Senterpartiet nokonsinne, med 5,6 % oppslutning. Ved Stortingsvalet i 2005 gjekk Senterpartiet for første gong til val på eit samarbeid med venstresida, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Valet gav ein liten framgang for Senterpartiet, og fleirtal for dei tre såkalla raud-grøne partia, som overtok regjeringsmakta.
Frå og med måndag 17. oktober 2005 er Senterpartiet representert med fire statsrådar i den raudgrøne regjeringa, saman med Arbeidarpartiet og SV.
Stortinget
Parlamentariske leiarar
Johan E. Mellbye 1922-30
Jens Hundseid 1931-32
Gabriel Moseid 1932-33
Jens Hundseid 1933-40
Rasmus Langeland 1945
Nils Trædal 1945-48
Elisæus Vatnaland 1948-58
Per Borten 1958-65
Lars Leiro 1965-69
John Austrheim 1969-71
Per Borten 1971-73
Erland Steenberg 1973-77
Johan J. Jakobsen 1977-83
Johan Buttedahl 1983-89
Anne Enger Lahnstein 1989-91
Johan J. Jakobsen 1991-99
Odd Roger Enoksen 1999 - 2003
Marit Arnstad 2003 -
Statsministrar
Peder Kolstad 1930-31
Jens Hundseid 1931-32
Per Borten 1965-71
Regjeringar
Peder Kolstad 1930-31
Jens Hundseid 1931-32
Per Borten 1965-71 (saman med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre)
Lars Korvald 1972-73 (saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre)
Kåre Willoch 1983-86 (saman med Høgre og Kristeleg Folkeparti)
Jan P. Syse 1989-90 (saman med Høgre og Kristeleg Folkeparti)
Kjell Magne Bondevik 1997 - mars 2000 (saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre)
| Stortingval 1921-2005 |
| Årstal | Prosent av stemmene |
|---|---|
| 1921 | 13,1% |
| 1924 | 13,5% |
| 1927 | 14,9% |
| 1930 | 15,9% |
| 1933 | 13,9% |
| 1936 | 11,5% |
| 1945 | 8,0% |
| 1949 | 7,9% ¹ |
| 1953 | 9,0% ¹ |
| 1957 | 9,3% ¹ |
| 1961 | 9,3% ¹ |
| 1965 | 9,9% ¹ |
| 1969 | 10,5% ¹ |
| 1973 | 11,0% ¹ |
| 1977 | 8,6% ¹ |
| 1981 | 6,7% ¹ |
| 1985 | 6,6% |
| 1989 | 6,5% |
| 1993 | 16,7% |
| 1997 | 7,9% |
| 2001 | 5,6% |
| 2005 | 6,5% |
| Årstal | Prosent av stemmene |
|---|---|
| 1928 | 8,4% |
| 1931 | 9,1% |
| 1934 | 7,1% |
| 1937 | 6,8% |
| 1945 | 3,9% |
| 1947 | 5,3% |
| 1951 | 6,0% |
| 1955 | 6,9% |
| 1959 | 7,8% |
| 1963 | 8,2% |
| 1967 | 9,3% |
| 1971 | 11,5% |
| 1975 | 10,7% |
| 1979 | 8,5% |
| 1983 | 7,5% |
| 1987 | 7,1% |
| 1991 | 11,5% |
| 1995 | 11,6% |
| 1999 | 8,3% |
| 2003 | 7,9% |
| Årstal | Prosent av stemmene |
|---|---|
| 1975 | 11,2% |
| 1979 | 8,6% |
| 1983 | 7,2% |
| 1987 | 6,8% |
| 1991 | 12,0% |
| 1995 | 11,7% |
| 1999 | 8,5% |
| 2003 | 8,0% |
¹ Ved desse vala stilte partiet felleslister med eit eller fleire av partia Det Nye Folkepartiet/Det Liberale Folkepartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti eller Venstre, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.
Sentrumsparti | Norske_politiske_parti | Senterrørsla
Senterpartiet | Senterpartiet | Senterpartiet | Senterpartiet | Keskpartei (Norra) | Centre Party (Norway) | Centrumpartij van Noorwegen | Senterpartiet
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Senterpartiet".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world