Sandnes er ein by og ein kommune på Nord-Jæren i Rogaland fylke.
Sandnes kommune er med 56.700 innbyggjarar den niande største kommunen i Noreg, og den åttande største byen. Kommunen har ei flatevidd på til saman 302,9 km².
Gjennom dei siste tjue åra har innbyggjartalet årleg auka med eit gjennomsnitt på 1,9%. I seinare tid utgjer dette 800 personar kvart år. Sandnes er den byen i landet som veks mest. Truleg vil veksten halda fram på same vis dei komande åra.
Jostein W. Rovik frå Høgre har vore ordførar sidan 1. januar 1994. Pål Morten Borgli frå Framstegspartiet har vore varaordførar sidan hausten 2003.
Sandnes var lenge mest kjend for teglverk- og pottemakarindustri. Byen ligg inst i Gandsfjorden, og leirgrunn finst mest alle stader i byen. På austsida av byen er det mest leirgrunn.
Føretak som har drive med teglstein og pottemakeri heilt opp til nyare tid er Gann Graveren, og Simonsen-familien. I den seinare tid har produksjon av tekstiler og syklar vore viktigare. Føretak som Øglænd og Pioneer sette sitt preg på byen. Cubus vart og starta i Sandnes. I dag er det olje, forsking, data og eit godt forretningsmiljø som pregar byen.
Det er sagt at slike gaukar vart delte ut for å skapa blæst om leirprodukt frå Sandnes. Ein person som er frå Sandnes kan bli kalla sandnesbu eller sandnesgauk.
Byar i Rogaland | Kommunar i Rogaland | Sandnes
Sandnes | Sandnes kommun | Sandnes | Sandnes | Sandnes | Sandnes | Sandnes | Sandnes