article

Signal-til-støytilhøve (på engelsk ofte forkorta SNR, Signal-to-Noise ratio) er eit uttrykk om det relative tilhøvet mellom støy og signal til dømes frå ei antenne inn til ein forsterkar. For at ein skal kunne kjenne igjen eit signal er det viktig at det ikkje forsvinn i bakgrunnsstøy. Til dømes må ein på ein musikkonsert rope høgt til kvarandre for å snakke saman pågrunn av at samtala vert overdøyva av musikken.

Uttrykket vert mykje nytta i radiokommunikasjon og informasjonsteori.

Matematisk oppstilling:

\mathrm{SNR} = {P_\mathrm{signal} \over P_\mathrm{stoy}}

Sidan mange signal har verdiar over eit stort dynamisk område, uttrykkjer ein ofte signal-støytilhøve i ein logaritmisk skala kalla desibel:

\mathrm{SNR (dB)} = 10 \log_{10} \left ( {P_\mathrm{signal} \over P_\mathrm{stoy}} \right ) = 20 \log_{10} \left ( {A_\mathrm{signal} \over A_\mathrm{stoy}} \right )

der P er gjennomsnittleg effekt og A er RMS-amplitudeverdi. Både signal- og støyeffekt må målast innanfor bandbreidda til systemet.

Signal-støytilhøve er den avgrensande faktoren når ein skal dimensjonere eit analogt system. I digitale system snakkar ein om bitfeilsannsyn som ein tilsvarande faktor.

Elektronikk | Støy

Signal-Rausch-Verhältnis | Signal-to-noise ratio | Relación señal/ruido | Rapport signal sur bruit | Rapporto segnale/rumore | SNR | SNR | 信噪比

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "SNR".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld