Rudolf Christian Karl Diesel, fødd den 18. mars 1858 og død den 29. september 1913, var ein tysk ingeniør og oppfinnar. Diesel er kjend for oppfinninga av Dieselmotoren. Drivstoffet diesel er oppkalla etter han.
Diesel vart fødd i Paris i Frankrike. Foreldra var tyske innvandrarar som stamma frå Bayern. Omstenda kring korleis han døydde er uklåre. Diesel forsvann frå postbåten Dresden under ei overfart frå Antwerpen til Harwich.
Diesel hadde si utdanning frå Königlich Bayerische Technische Hochschule München, den polytekniske høgskulen i München. Etter utdanninga byrja han å arbeida med kjøleskap, men fekk mest interesse for forbrenningsmotorar.
Diesel er kjend for dieselmotoren som han fekk to patent på i 1893, med forbrenningskammer i ein sylinder. Fram til vart motoren vidareutvikla og sett i produksjon. Før han fekk motoren produksjonsklar vart Diesel nesten drepen, då ein motor eksploderte. Dieselmotoren var den fyrste typen forbrenningsmotor som synte at drivstoff kunne tennast utan gneist frå ein tennplugg. Namnet han sjølv brukte på denne motoren var oljemotor, og modellen han synte fram på verdsutstillinga i Paris i 1900 brukte peanøttolje som drivstoff.
Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | ديزل | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | רודולף דיזל | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | ルドルフ・ディーゼル | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Дизель, Рудольф | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Rudolf Diesel | Дізель Рудольф
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Rudolf Diesel".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world