Romanés, utanom Noreg og tildels Sverige ofte kalla romaní, er eit indoiransk språk med mange variantar som blir bruka av sigøynarar (roma og sinti).
Ein reknar med at språket romani vert snakka av om lag 40 millionar menneske. I Europa lever det 10–12 millionar roma, og nesten alle desse kan forstå kvarandre trass i dialektskilnader. T.d. bur det 10 000 roma i Finland. Desse høyrer til Kàlo-gruppa (Kaale), som dukka opp i Sverige-Finland på 1500-talet. Språket deira har nøyaktig same rettsvern som samiske språk.
Ordtilfanget i romanés ber sterkt preg av historia til sigøynarane (romfolket). Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Panjab i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i panjabi og hindi — slik som tala frå éin til fem. Andre vesentlege kjelder er armensk, gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Det finst òg enkelte hebraiske og finske ord i romanés.
Romani | Romani | Romani | Romaní | Romeg | Romaní (llengua) | Romština | Romani | Romani language | Romaní | Cigana lingvo | Rromani | 롬어 | Romski jezik | Romani | ロマ語 | Romani | Język romski | Romani | Limba romani | Romani chhib | Цыганский язык | Romanin kieli | Çingene Dili | 罗姆语