Red Sea 37.95521E 21.41271N.jpg Raudehavet (arabisk البحر الأحمر Baḥr al-Aḥmar, al-Baḥru l-’Aḥmar; hebraisk ים סוף Yam Suf; tigrinja ቀይሕ ባሕሪ QeyH baHri) er ei havbukt frå Det indiske havet mellom Afrika og Asia.
Havet blei til då Afrika og den arabiske halvøya skilde lag, ein prosess som tok til for rundt 30 millionar år sidan. Havet veks fortsatt, og har små vulkanske område i dei djupare delar.
Sambindinga med Det indiske havet går gjennom el-Mandeb-sundet og Adenbukta. I nord ligg Sinaihalvøya, Akababukta og Suezbukta (som leier opp til Suezkanalen). Sjøen er omtrent 1900 km lang og over 300 km på det breiaste. Flatevidda på sjøen er mellom 438 000 og 450 000 km².
Den største djupna er 2 500 m i den sentrale midtre kløfta, medan den gjennomsnittlege djupna er 500 m. Raudehavet har òg vide grunne hyller, kjent for eit rikt maritimt liv med korallar. Havbukta er leveområde for over tusen virvellause dyreartar og for to hundre harde og mjuke korallartar. Ho er ein del av Den austafrikanske riftdalen og er verdas nordlegaste tropiske hav.
Raudehavet har kyst til
Raudehavet er ikkje sjølv raudt, og det er uklart kvar namnet kjem frå. Det kan visa til dei raudfarga fjella rundt som ofte speglar seg i vatnet, eller til dei raude algene Trichodesmium erythraeum som blomstrar opp nær overflata med jamne mellomrom.
Overflatetemperaturen held seg gjerne jamt på 21-25°C. Temperatur og sikt i sjøen held seg gode ned til 200 meter djupne, men havet er kjent for sterke vindar og sterke lokale straumar.
Rødehavet | Röda havet | Røde Hav | بحر أحمر | Mar Bermeya | Âng-hái | Crveno more | Mor ruz | Червено море | Mar Roja | Хĕрлĕ тинĕс | Rudé moře | Rotes Meer | Punane meri | Ερυθρά θάλασσα | Red Sea | Mar Rojo | Ruĝa Maro | Itsaso Gorria | دریای سرخ | Mer Rouge | Mar Vermello | 홍해 | Crveno more | Laut Merah | Rauðahaf | Mar Rosso | ים סוף | Bahari ya Shamu | Raudonoji jūra | Rode Zee | 紅海 | Mar Ruosso | Morze Czerwone | Mar Vermelho | Красное море | Mari Russu | Red Sea | Červené more | Rdeče morje | Црвено море | Crveno more | Punainenmeri | ทะเลแดง | Biển Đỏ | Kızıldeniz | Червоне море | 红海
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Raudehavet".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world