Reduced Instruction Set Computing (RISC) er ein prossesortype som i motsetnad til eldre CISC-prosessorar er baserte på nokre få, einfelde instruksjonar.
På 1980-talet vart det difor utvikla ei rad ulike prosessorar som nytta eit redusert instruksjonssett der berre dei mest vanlege instruksjonane vart tekne med. Når ein kvitta seg med dei lite bruka instruksjonane, kunne ein heller nytta meir plass til å implementera dei vanlege instruksjonane snøggare, til dømes ved hjelp av pipelining. Døme på RISC-prosessorar som såg dagsens ljos på 1980-talet er til dømes MIPS, Sparc og ARM. På 1990-talet gjorde Macintosh stor suksess med den RISC-baserte PowerPC-prosessoren som avløyste tidlegare Motorola 68000.
Dei aller fleste moderne RISC-prosessorar er 32-bits eller 64-bits, men det finst òg RISC-baserte mikrokontrollarar som er 8-bits, til dømes norskutvikla AVR frå Atmel.
mikroprosessorar | mikrokontrollerar
RISC | RISC | RISC | RISC | RISC | Reduced Instruction Set Computing | Reduced instruction set computer | RISC | Reduced instruction set computer | RISC | RISC | RISC לעומת CISC | RISC | RISC | Reduced Instruction Set Computer | RISC | RISC | RISC | RISC | RISC | RISC | RISC | Reduced instruction set computer | 精简指令集