article

Iraqi voters in Baghdad.jpg står i kø for å nytta røysteretten sin. (Foto: Dave Ahlschwede)]]

Votingwomen.jpg. (Kjelde: USAID)]]

Røysterett er retten til å røysta i val. Allmenn røysterett blir i dag sett på som ein viktig byggestein i eit demokrati. Gjennom tidene har likevel røysteretten vore avgrensa ut frå kjønn, rase, sosial klasse, eigedom eller utdanning. I dag er han avgrensa ut frå alder i alle land, medan visse grupper kan vera utelukka, til dømes psykisk utviklingshemma, innsette i fengsel eller dømde kriminelle.

Det finst ulike måtar å avgrensa røystretten på. Det kan anten gjerast direkte gjennom lovverket, eller indirekte, ved at ein gjer det vanskeleg for ei særskild gruppe å røysta. Eit døme på det førstnemnde er måten kvinner som noko ganske naturleg var utelukka frå å røysta dei fleste stader fram til 1900-talet (i Liechtenstein fram til 1984). Det sistnemnde hende mellom anna i Sørstatane i USA, der mange afroamerikanarar og amerikanske urfolk blei haldne frå å skriva seg på vallistene ved hjelp av skriftlege prøvar, selektiv koppskatt for å kunne røysta og systematisk plaging og truging av minoritetsgruppene og dei som ville hjelpa dei.

Røysterett i Noreg


Den norske grunnlova frå 1814 gav stemmerett til embetsmenn, byborgarar og jordeigande bønder. I 1814 kunne kring 40 % av alle menn over 25 år stemma ved stortingsval. Likevel var den norske grunnloven lenge ein av dei mest radikale og demokratiske forfatningane i Europa.

Utover på 1800-tallet sokk talet på dei som hadde røysterett fordi det blei stadig fleire husmenn og eigedomslause. Det er rekna ut at i tida 1860-1870 hadde 7,5 % av innbyggjarane i landet stemmerett.

I 1884 vedtok Stortinget ein forsiktig utviding av røysteretten på grunn av gjennombrotet til parlamentarisme. Retten var fortsatt reservert eit mindretal av den vaksne mannlege befolkninga.

Venstre oppnådde grunnlovsfleirtall i 1898 vedtok Stortinget å innføra allmenn røysterett for menn. Kvinner frå borgarskapet og middelklassen kunne røysta for første gong i 1909. I 1910 fekk kvinnene allmenn røysterett ved kommuneval, og etter eit forslag frå regjeringa i 1913 vedtok Stortinget einstemming at kvinner skulle ha røysterett på same vilkår som menn.

val | demokratiske rettar

Stemmerett | Valgret | Sufragi | Wahlrecht | Hääleõigus | Suffrage | Sufragio | Balotrajto | Kosningaréttur | Stemrecht | 参政権 | Czynne prawo wyborcze | Активное избирательное право | Volilna pravica | Äänioikeus

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Røysterett".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld