Pulmonologi eller pneumologi er den greina av klinisk medisin som omhandlar sjukdommar i dei nedre luftvegane — det vil seie lungene og luftrøret. Pulmonologi blir òg kalla «bringemedisin» og «respirasjonsmedisin» i ein del land og område. Pulmonologi blir generelt rekna som ei grein av indremedisin, men ligg òg nærme opp til intensivmedisin i samband med behandling av pasientar med respirator. Kirurgi i dei nedre luftvegane blir generelt utført av spesialistar i kardiotorakal kirurgi.
«Bringemedisin» i vidaste forstand er strengt teke ikkje ei medisinsk grein i seg sjølv, men er eit inklusivt omgrep som viser til behandling av sjukdommar i bringa og som omfattar felta pulmonologi, torakal kirurgi og intensivmedisin.
Pulmonologi i snever forstand omhandlar diagnostisering og behandling av lungesjukdommar såvel som sekundær førebygging (tuberkulose). Lækjarar som har spesialisert seg på dette området blir kalla pulmonologar.
Fysikalsk diagnostikk er like viktig i pulmonologien som i dei andre greinene av klinisk medisin:
Ettersom mange hjartesjukdommar kan gjeva seg til kjennes med lungesymptom, vil ei pulmonologisk utreiing oftast inkludere ei grundig undersøking av hjarta òg.
Andre reiskapar og teknikkar inkluderer:
Medisinering er den viktigaste behandlingstypen for dei fleste sjukdommane innanfor pulmonologi. Viktige lækjemiddeltypar inkluderer inhalasjonspreparat (særleg bronkodilatorar og steroidar) og orale preparat (særleg antibiotika og leukotrine antagonistar).
Oksygenterapi er ofte naudsynt i samband med alvorleg lungesjukdommar som lungeemfysem og lungefibrose. Når dette ikkje strekkjer til, kan det vera aktuelt med respiratorbehandling. I mellom rein oksygenterapi og respitatorbehanling ligg CPAP og BIPAP, som aukar lungevolumet med maskinstøtte utan å ta over pustearbeidet.
Pulmonologar er lækjarar som etter å ha motteke ein medisinsk grad (t.d. Dr.med., MD eller DO) har fullført ein praksisperiode på minst tre år innanfor indremedisin og deretter minst to år som turnuskandidat med spesialtrening i pulmonologi.
Pulmonologar kan vera involverte i både klinisk forsking og grunnforsking i samband med andedrettssystemet — frå anatomiske skildringar av bronkie-epitelium til den mest effektive behandlinga av pulmonær hypertensjon (ein sjukdom som er audkjend som notorisk behandlingsresistent).
Pneumonologie | Pulmonology | Neumología | Pneumologie | Pneumologia | Pneumologie | 呼吸器学 | Pulmonologia | Pneumologia
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Pulmonologi".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world