Eit pseudonym, psevdonym (frå gresk ψευδώνυμο, «falsk namn») eller løyndenamn er eit oppfunne namn brukt av ein person i staden for det rette namnet. Det franske ordet for løyndenamn er nom de plume, pennenamn, for forfattarar som ikkje ynskjer å nytta sitt eige namn ved publisering.
Den franske forfattaren Amandine-Aurore-Lucile Dupin braut med ein tradisjonell kvinnerolle, mellom anna ved å gje ut bøker, og brukte mannsnamnet George Sand som løyndenamn for dette. Angloirske Molly Keane gav ut romanar som MJ Farrell for ikkje å få dårleg rykte i sosietetskretsane ho vanka i.
John Donner og Helene Holst-Hammerfeldt er norske kollektivpsevdonym med kjende opphavspersonar. Dei 13 bøkene til John Donner i Sommerset-serien blei skrivne av Ragnar Hovland, Einar Økland, Per Olav Kaldestad og Sigbjørn Heie, medan dei tre forfattarane May Grethe Lerum, Anne B. Ragde og Trude Brænne Larsen skreiv kvar si av bøkene i serien Emilies tid.
Pseudonym | Pseudonym | Pseŭdonimo | Pseudonyme | Pseudonim | Elenco di pseudonimi | Pseudoniem | Pseudonim | Pseudonim | Псевдоним | Pseudonym
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Pseudonym".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world