article Related Topics:
Praha
 

Statistikk
Flatevidd:496 km²
Folketal: 1.169.106 (2001)

Praha eller Prag er hovudstaden og den største byen i Tsjekkia. Byen ligg ved elva Moldau i den tidlegare austerrikske provinsen Böhmen. Frå 1993 utgjer Böhmen saman med Mähren Tsjekkia. Slovakia gjekk då ut av det gamle Tsjekkoslovakia. Frå 1992 har det gamle sentrumet i byen stått på UNESCO si liste over verdsarv.

Hradcany.jpg | Praha loreto-04-2003 12 24.jpg

Historie


Byen vart grunnlagd på slutten av 800-talet og vart raskt sete for kongane av Böhmen. Nokre av desse kongane var òg keisarar av det tysk-romerske riket. Byen blomstra under Karl IV si regjeringstid på 1300-talet. Mellom anna vaks bydelen Nové Město fram i denne tida. Elles kan nemnast Karlsbrua, St. Vitus-katedralen - den eldste gotiske katedralen i Sentraleuropa. Karlsuniversitetet er det eldste universitetet nord for Alpane. På denne tida var Praha Europas tredje største by.

Med Böhmen kom byen under Habsburgarane og Austerrike-Ungarn. Dei fire uavhengige kommunane som tidlegare utgjorde Praha, vart slegne saman til ein by i 1784. Desse fire var Hradčany, (slottsdistriktet, vest og nord for slottet), Malá Strana (den mindre byen, sør for slottet), Staré Město (gamlebyen, på austsida av elva) og Nové Město (den nye byen, lenger sør og aust). Byen vaks vidare med annekteringa av Josefov i 1850 og Vyšehrad i 1883, og i byrjinga av 1922 vart 37 kommunar innlemma i byen. Slik auka innbyggjartalet til 676 000. Byen hadde òg etter at Böhmen vart avstått etter fyrste verdskrig ein stor del tysktalande innbyggjarar. Mange jødar, mellom anna Franz Kafka), budde i byen. Mange av jødane tala tysk, og det var eit rikt kulturliv. Mestedelen av dei 50 000 jødane døydde i Holocaust under andre verdskrig, noko som også i stor grad førde til slutten på det tyske preget på byen.

I august 2002 opplevde byen ei alvorleg oversvømming der delar av byen måtte evakuerast. Flaumen gjorde store skadar, men lukkelegvis vart ingen viktige landemerke øydelagde.

Verdt å sjå


Mellom turistattraksjonar kan nemnast:

Kultur


Praha er tradisjonelt eit kulturelt senter med mange teater, operahus, konserthus, galleri og musikklubbar.

Høgskular og universitet


I tillegg til Karlsuniversitetet har byen sju andre universitet og høgskular, inkludert Det Tsjekkiske Tekniske Universitetet grunnlagd i 1707. Film kan studerast ved FAMU, den tsjekkiske filmhøgskulen frå 1950-talet.

Transport


Offentleg transport i Praha vert utgjort av tre undergrunnsliner i tillegg til ei mengd trikkeliner og bussliner.

Utanfor byen ligg Ruzyně International Airport, som er hovudflyplass for flyselskapet ČSA Czech Airlines.

Ymse


Praha er òg sete for dei fleste viktige kontor og institusjonar i Tsjekkia, inkludert presidenten, regjeringa og parlamentet.

Folketalssutvikling


1230: om lag 3-4 000 innbyggjarar 1
1370: om lag 40 000 2
1600: om lag 60 000 2
1804: 76 000
1837: 105 500
1850: 118 400 (157.200 inkl. forstader)
1880: 162 300 (314.400 inkl. forstader)
1900: 201 600 (514.300 inkl. forstader)
1925: 718 300
1950: 931 500
1980: 1 182 800
1998: 1 193 300
2001: 1 169 100

Noter:

1 Berre Staré město
2 Staré město, Nové město, Malá Strana og Hradčany
Tala er for det folketalet som til eikvar tid har vore innanfor Praha sine administrative grenser (inkludert nåverande bydelar i parentes).

Sjå òg


Lenkjer ut


Hovudstader i Europa | Byar i Tsjekkia | Praha

Praha | Prag | Prag | براغ | Прага | Prag | Прага | Praga | Praha | Prâg | Prag | Praha | Πράγα | Prague | Praga | Prago | Praga | پراگ | Prague | Prág | Praga - Praha | 프라하 | Prag | Praha | Praha | Praga | Прагæ | Prag | Praga | פראג | პრაღა | Praga | Praga | Prāga | Prag | Praha | Praag | Prága | Praha | Praag | プラハ | پراگا | Praga | Praga | Praga | Прага | Prague | Praha | Praga | Праг | Prag | Praha | Prague | Praha | Prag | Прага | 布拉格

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Praha".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld