article Related Topics:
Polenzani,_Rose
 

Republikken Polen (polsk: Rzeczpospolita Polska) er eit land i Sentral-Europa. Polen grensar mot Tyskland i vest, Tsjekkia og Slovakia mot sør, og Ukraina, Kviterussland, Litauen og Russland mot aust. Landet sine grenser vart endret etter den andre verdskrigen som fylgje av sovjetisk okkupasjon av det historiske Aust-Tyskland. Områda vart i røynda gjort til ein del av Polen, medan Polen måtte avstå store landområde i aust. Sovjetunionen hadde okkupert store område i aust under septemberfelttoget i 1939. Vestgrensa vart fastsett i ei avtale av 1990. Polen var fram til 1990 kjend som Folkerepublikken Polen og var underlagt Sovjetisk kontroll. Etter sammenbrotet av kommunismen i Aust-Europa fekk landet meir sjølvstende og det kunne gjennomførast demokratiske val. Polen vart medlem av NATO i 1999 og av den europeiske unionen i 2004.

Historie


Rzeczpospolita.png Historia til Polen kan reknast frå 900-talet då Piast-familien som regjerte området sigra over og sameinte fleire slaviske stammar.

I 1569 inngjekk Polen og Litauen union, og danna «Tonasjonsrepublikken».

«Republikken» (eigentleg «Samveldet», som delvis dekka arealet til Polen av i dag, Litauen, Latvia, Estland, Kviterussland, Ukraina (delvis), Romania (delvis) og Russland (delvis), vart delt mellom naboane - Russland, Preussen og Austerrike i 1772, 1793 og til slutt i 1795, då Polen forsvann frå det europeiske kartet som stat.

Republikken Polen vart etter den fyrste verdskrigen oppretta på landområde erobra eller annektert frå dei tidlegare keisardøma Tyskland, Austerrike og Russland. I tillegg kom dei nya landa Tjekkoslovakia og Litauen, som meinte at Polen hadde fått nokre område som høyrde til dei. I alle høve vart Polen ein multi-etnisk stat.

Poland_1939.png | Poland-CIA WFB Map.png Den 1. september 1939 gjekk Tyskland til åtak på Polen den andre verdskrigen tok til i Europa. Kort etter, den 17. september, gjekk Den raude arméen til åtak på Polen frå aust. Molotov-Ribbentrop-pakta hadde løynlege punkt som regulerte dette. Med dette var delinga av Polen mellom Tyskland og Sovjet avslutta. Det polske landområdet var under krigen okkupert av Sovjetunionen og Tyskland fram til 1941, då Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen. Tyskerne tok snøgt resten av Polen. Terrorregimet til Hitler slo ekstra hardt til mot polske sivile. Dei tyske nazistene myrda over 6 millioner polske statsborgarar, av desse var over halvparten jødar, i tillegg til materielle øydeleggingar der mellom anna Warszawa vart jamna med jorda. Mange av dei tyske nazistane sine konsentrasjonsleirar vart oppført på polsk jord. Sovjetiske styrkar myrda på si side polske offiserar i den såkalla Katyn-massakeren. Hundretusenvis av polakker vart sende til arbeidsleirar i Sibir og Kasakhstan. Republikken vart gjenoppretta etter krigen, men som fylgje av sovjetisk-britisk-amerikanske avtalar vart landegrensene endra vestover. Polen vart etter kvart eit kommunistdiktatur, i praksis styrt frå Sovjetunionen. I 1980-åra kjempa polakkane seg til større sjølvstende. Solidaritet var den første frie fagrørsla under leiing av Lech Walesa. Som første kommunistland bak jernteppet utlyste Polen frie val i 1989. Polen sine politiske ambisjonar leidde til NATO-medlemskap i 1999 og EU-medlemskap i 2004.

Byar


Białystok, Gdańsk, Kraków, Poznań, Szczecin, Warszawa, Wrocław

Provinsar


Polska_kontur_bialy.png

Ein polsk provins eller fylke heiter «eit voivodskap» (polsk: województwo). Landet har 16 slike voivodskap.

Lenkjer ut


Polen | Land i Europa | EU-land | EØS-land | NATO-land

Polen | Polen | Polen | Pole | Polen | Polaland | بولندا | Polonia | Polonia | Polonia | Polska | Польшча | Poljska | Polonia | Полша | Polònia | Польша | Polsko | Gwlad Pwyl | Polen | Poola | Πολωνία | Poland | Polonia | Pollando | Polonia | لهستان | Pólland | Pologne | Poalen | Polonie | An Pholainn | A' Phòlainn | Polonia - Polska | 폴란드 | Լեհաստան | पोलैंड | Poljska | Polonia | Polandia | Polonia | Польшæ | Pólland | Polonia | פולין | პოლონეთი | Pòlskô | Poloni | Polonya | Polonia | Polija | Polen | Lenkija | Pole | Lengyelország | Полска | Polonja | Poland | Полония | Poland | Polen | Pooln | ポーランド | Polongne | Polonha | پولشا | Polen | Polska | Polónia | Polonia | Pulska | Польша | Polonya | Polen | Poland | Polonia | Pulonia | Poland | Poľsko | Poljska | Пољска | Puola | Poland | Polónia | ประเทศโปแลนด์ | Ba Lan | Polonya | Польща | Polän | Poola | פוילן | 波兰

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Polen".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld