article

Plum on tree02.jpg Plomme kjem opprinnelig frå Vest-Asia, men blir i dag dyrka over heile verda. Ein kjenner i dag til over 2000 sorter plommer. Plomma er rund eller oval i forma og storleiken kan variere mykje mellom dei ulike sortane, dei største kan bli like store som eit lite eple. Frukta har eit tynt skall som godt kan etast sjølv om det smakar beiskt. Fargen på plomma varierer mellom gul, raud, blå eller sjatteringar av desse. Plomma har ein stor stein i midten, og hos nokre varianter heng fruktkjøtet fast i steinen, mens hos andre sortar slepp steinen lett. Fruktkjøtet er saftig og aromatisk.

Bruksområde


Plomme kan etast naturell og kan gjerne brukast til sylting, i paier og anna bakverk.

Egenskapar


Plomme er kalorifattig og verker mageregulerande. Plomme inneheld ein del A-vitaminer, kalsium og jern.

Kvalitetskrav


Plomma skal vere heil, utan sprekker, mørke flekkar eller anna skade. Frukta skal vere tørr og skalet glatt. Plomma skal vere utan støtskader og mugg. For at smaken skal vere best, må frukten ikkje vere hausta for tidleg.

Kor haldbar ei plomme er, avhenger av kvar frukta er i modningsprosessen. Moden plomme er særs lite haldbar, er plomma mindre moden, kan ho halde seg lengre.

Norsk sesong


August - September

Oppbevaring


Lagringstemperatur 0 - 4°C

Næringsinnhald


227 kJ 54 Kcal 84,6 g Vatn 0,5 g Protein 0 g Feitt 12,9 g Karbohydrat 2 g Kostfiber 38 µg Vit A 7 mg Vit C 197 mg Kalium 11 mg Kalsium

Kjelde


frukt

Plommon | Blommetræ

Prunera | Pflaume | Plum | Prunus (subgénero) | آلو | Prunier | Ameixeira | 자두 | Šljiva | שזיף | Pruim | スモモ亜属 | Ameixeira | Plum | Шљива | Luumu | Mận | Erik | Слива домашня |

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Plomme".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld