article Related Topics:
Petroleum :: Petroleum_in_the_Environment :: Petroleum_and_Natural_Gas :: Petroleum_Products
 

Oil-spill.jpg kan føra til store økologiske problem.]]

Petroleum (frå latin petra, stein, berg, og oleum, olje), òg kalla råolje, mineralolje eller «svart gull». Petroleum er ei nemning som vert nytta om både råolje og naturgass. Petroleum er ei tjukk, mørk brun eller grønn brennbar væske som finst i øvre del av jordskorpa. Petroleum vert utgjort av ei kompleks blanding av ulike hydrokarbonar, for det meste av metan. Petroleum kan variera mykje i utsjånad, samansetting og reinleik.

Petroleum og samfunn


Utover 1900-talet aukte jorda sitt energibehov kraftig, både grunna folkevekst, men òg med framveksten av forbrenningsmotoren som naudsynt hjelpemiddel i nær all slags transport. Dette har gjort særskilt petroleum ettertrakta, då det er ein avgrensa og ikkje-fornybar energikjelde, samstundes som det er råstoffet for drivstoffet til forbrenningsmotoren.

Land som nyttar meir petroleum enn dei kan produsere sjølve, har vorte svært avhengige av stabile leverandørar, til dømes har USA gått inn i tette samarbeidsavtalar med Saudi Arabia for å sikre importen. Land som produserar nok til å eksportere, til dømes Noreg og Saudi Arabia, har opplevd til dels kraftige auker i økonomi og velstand. Desse landa har igjen hatt lett for å verte for avhengige av sal av petroleum, både med tanke på pris i kortare perspektiv, men òg i forhold til at det vil gå tomt. Noreg sparer difor store delar av oljeinntektene i petroleumsfondet for ettertida.

Ettersom dei aller fleste landa må importere petroleum, kan mangel og rask auke i pris, føre til økonomiske kriser, både i mindre (til dømes for transportselskap) og større skala, slik som då oljekrisa på 1970-talet førde til stillstand i mange bransjar i den vestlege verda, òg i Noreg som på den tida ikkje hadde kome fullt i gong med eigen produksjon. Forholdet mellom dei arabiske nasjonane, som då sto for store delar av produksjonen i verda, og dei vestlege stormaktene, vart svært dårleg, og mange trudde at det var fare for krig.

Petroleumsverksemdene knytta til produksjon, transport og vidareforedling, har grunna dette vorte svært viktige og lukrative for stader der desse verksemdene har vorte lagt. Ringverknadane for desse stadene har gjerne ført til store skilnader i velstand og rikdom, óg i lokal målestokk.

Sjå òg


petroleum | energikjelder | geologi | oljer

Petroleum | Petroleum | Råolie

Ru-olie | Петрол | Petroli | Ropa | Petroliwm | Råolie | Erdöl | Petroleum | Petróleo | Nafto | Pétrole | 석유 | Minyak bumi | Petrolio | נפט | Nafta | Aardolie | 石油 | Petroleum | Ropa naftowa | Petróleo | Нефть | Nafta | Petroleum | Dầu mỏ | Нафта | 石油

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Petroleum".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld