Paul Abraham (2. november 1892—7. mai 1960), ung. Ábrahám Pál, var ein ungarsk-jødisk komponist og musikar.
Abraham studerte musikk ved musikkonservatoriet og den kongelege musikkhøgskulwn i Budapest. Dei første suksessane hans var med klassiske musikkstykke og han fekk m.a. ein Josef Haydn-pris i 1922. Økonomiske problem tvang honom til å søkje arbeid, og han vart i slutten av 1920-åra dirigent i Budapest, og der vart dei to første operettane hans oppførte utan nokon særleg suksess.
I 1929 flytte Abraham til Berlin og arbeid ved Metropolteatret. I ein av UFAs musikkfilmar fekk ein av songane hans, «Bin kein Hauptmann, bin kein grosses Tier» stor suksess, og i kjølvatnet av denne kom dei operettane som gjorde honom vidkjend.
Da nazistane kom til makta i 1933 vart musikken hans fordømt som entartet («utarta»), og som jødisk komponist var han ikkje lenger velkommen. Han flytte derfor til Wien, berre for å snart bli tvungen til å gje seg på flukt att — denne gongen til USA via Cuba.
Den mentale helsa hans hadde sidan byrjinga av 1930-åra vore noko vaklande (han leid m.a. av utprega basillskrekk), og ho vart stadig verre. Han døydde på eit sjukehus i Hamburg i 1960.
Ungarske musikarar | Tyske musikarar | Ungarske komponistar | Tyske komponistar | Askenasim | Operettekomponistar
Paul Abraham | Paul Abraham | Paul Abraham | パウル・アブラハム | Paul Abraham | Paul Abraham | Paul Abraham
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Paul Abraham".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world