Bandiera della Pace.jpgflagget er mykje nytta som pasifistisk symbol.]]
Pasifisme er motstand mot krigføring. Eit ikkje-valdeleg verdssamfunn er ønsket til mange pasifistar, som kan kjempa for målet sitt til dømes ved å nekta militærteneste eller demonstrera mot krigshissing eller faktiske krigar.
Nokre religiøse samfunn, som Vennesamfunnet (kvekarane), Amishane og Mennonittane har vore gjennomført pasifistiske i århundrer.
På attenhundretalet vaks pasifismen, særleg som del av sosialismen. Det blei hevda at krig var ei form for kontroll av arbeidarklassa frå styresmaktene si side. Det var vanlege folk som måtte slost og døy i krigen, medan herskarklassen hausta fruktene av lidinga deira.
Den indiske leiaren Mahatma Gandhi brukte same tankegangen då han kjempa for å gjera landet sitt fritt frå det britiske imperiet. Han utvikla det hinduistiske omgrepet ahimsa til ein eigen livsstil og eit effektivt, ikkje-valdeleg kampvåpen mot koloniherrane.
Martin Luther King brukte same taktikk då han og andre kjempa for like borgarrettar for afro-amerikanarar i USA.
Religion og livssyn | Politiske teoriar | Krig | Fred
Pasifisme | Pacifism | Pacifismus | Pazifismus | Patsifism | Pacifism | Pacifismo | Pacismo | Pacifisme | Pacifismo | פציפיזם | Pacifizmus | Pacifisme | 平和主義 | Pacyfizm | Pacifismo | Pasifismi | Пацифізм | 和平主义
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Pasifisme".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world