Cheese market Basel.jpg.]] Ost er eit meieriprodukt som vert laga av mjølk (eller eit anna mjølkeprodukt) ved at protein og feittinnhaldet får stivne (koagulere) og at resten, i hovudsak vatn og vatnoppløyselege stoff, vert skilt ut. Osten består i hovudsak av feitt, protein (kasein) og kalsium, og ei avskild vassløysing av vatn, vatnoppløyselege protein, mjølkesukker (laktose) samt ein del mineral og vitamin. Ku-, geite- og fåremjølk er dei mest vanlege mjølketypane som blir brukt til produksjon av ost.
Ost er eit konsentrert mjølkeprodukt – det går med ca 10 liter mjølk til 1 kg ost.
All produksjon av ost skjer ved oppvarming av mjølk, utskiljing av mjølka og deretter utsiling av ostestoffet. Så kan ein salte, tilsette bakteriekulturar, lagre og mogne, og vidareutvikle osten på ulike måtar.
Ost har vore brukt i mange tusen år. Det var i osten ein først fann aminosyra tyrosin, derav det greske namnet tyri for ost. I følgje den greske mytologien var Polyphemus den første ostemakaren. Det nøyaktige opphavet til det greske ordet for ost, tyri (uttala "tee te") er ukjent. Ost vert kalla tyros i Illiaden av Homer, cyclops av Euripides og frosken av Aristophanes.
Aristoteles og Dioscourides gav oss dei første oppskriftene på produksjon av ost. I følgje Ktissios så åt ikkje dronning Semiramis ost ”utanom ost produsert frå kvite kyr.”. Grekarane, som må ha misforstått osten sin påverknad på kroppen, gav ost til brytarane for å fremje uthaldet. Osteløype må ein hente frå magen til ein kalv som ammar. Sidan ein kan spore bruken av ost nærare 10 000 år attende i tid, kan ein vere rimelig sikker på at kjennskapen til framstilling og bruk av løype har vore kjend sidan den tid.
Cheese camembert on a plate 02.jpg
Ost | Ost | Ost | Kaas | جبن | Sir | Formatge | Sýr | Caws | Käse | Juust | Cheese | Queso | Fromaĝo | Fromage | Formadi | Queixo | 치즈 | Sir | Fromajo | Keju | Ostur | Formaggio | גבינה | Keju | Caseus | Sūris | cirla | Sajt | Kaas | Keze | チーズ | Fronmage | Ser | Queijo | Brânză | Сыр | Furmaggiu | Cheese | Sir | Сир | Juusto | Keso | ᎤᏅᏗ ᎦᏚᏅ | Peynir | Сир | 奶酪