Oslo er hovudstaden i Noreg, den største byen, og både ein kommune og eit fylke. Byen blir òg kalla Tigerstaden. Slottet, Stortinget, regjeringa, Høgsterett og dei fleste andre offentlege styringsorgan held til i Oslo.
Mellom om lag 1040 og 1624 låg byen Oslo ved utlaupet av Alnaelva. Etter bybrannen i 1624 valde Kristian IV å atterreise byen attom Akershus festning. Denne byen vart heitande Christiania. Frå om lag 1870 vart det i staden vanleg å skriva Kristiania. Etter som byen vaks utover 1800-talet, inkluderte han òg området som tidlegare heitte Oslo. I 1924 vedtok Stortinget å endre namnet til Oslo. 1. januar 1948 vart Oslo slegen saman med Aker herad.
Oslo har eit parlamentarisk styre, noko som vil seie at byen har si eiga byregjering. Byrådet i Oslo er sett samana av seks byrådar og ein byrådsleiar, for tida Erling Lae. Regjerande parti er Høgre og Framstegspartiet.
Den formelle, men hovudsakleg seremonielle leiaren av byen er ordføraren, for tida Per Ditlev-Simonsen (H).
| Folkemengd fordelt i bydelane, 1.1.2005. | Kjelde: Statistisk Sentralbyrå |
| Gamle Oslo | 35 431 |
| Grünerløkka | 37 774 |
| Sagene | 29 654 |
| St. Hanshaugen | 27 619 |
| Frogner | 45 640 |
| Ullern | 27 179 |
| Vestre Aker | 40 587 |
| Nordre Aker | 41 060 |
| Bjerke | 24 448 |
| Grorud | 24 729 |
| Stovner | 28 445 |
| Alna | 44 151 |
| Østensjø | 42 681 |
| Nordstrand | 43 297 |
| Søndre Nordstrand | 33 501 |
| Sentrum | 438 (*) |
| Marka | 1 614 (*) |
| Ikkje oppgjeve | 1 498 |
| Total | 529 846 |
| (*) utanfor bydelsinndelinga |
Bydelsreforma av 1. januar 2004 reduserte talet på bydelar til 15. Bydelane er:
Alna, Bjerke, Frogner, Gamle Oslo, Grorud, Grünerløkka, Nordre Aker, Nordstrand, Sagene, St. Hanshaugen, Stovner, Søndre Nordstrand, Ullern, Vestre Aker, Østensjø
| 1801 | 9 500 |
| 1825 | 15 400 |
| 1855 | 31 700 |
| 1875 | 76 900 |
| 1900 | 227 700 |
| 1925 | 255 700 |
| 2003 | 517 401 |
I Oslo finn ein mange mindre militæravdelinger:
Oslo | Oslo | Oslo | أوسلو | Осла | Oslo | Осло | Oslo | Oslo | Oslo | Oslo | Oslo | Όσλο | Oslo | Oslo | Oslo | اسلو | Oslo | Oslo | 오슬로 | ओस्लो | Oslo | Oslo | Oslo | Oslo | Ósló | Oslo | אוסלו | Oslo | Asloa | Oslo | Oslo | Oslas | Oslo | Oslo (hoofdstad) | オスロ | Oslo | Oslo | Oslo | Осло | Oslo | Oslu | Oslo | Oslo | Oslo | Осло | Oslo | Oslo | ออสโล | Oslo | Oslo | 奥斯陆