article

Oil Lamp Christian Symbol.jpg med kristne symbol.]]

Ein oljelampe er ein kunstig lyskjelde som bruker olje som drivstoff for ein flamme. Dei gjev ein form for levande lys som er sterkare enn eit stearinlys, men svakare enn ein parafinlampe.

Lampen består av eit kar, gjerne av metall eller steintøy, som blir fylt med olje av ulike slag, til dømes planteolje, dyrefeitt eller petroleum. Oljelampen lyser ved at ein halvvegs nedsenkt veik trekk til seg olje i den eine enden og brenn i den andre.

Lampe Nishapur steatite.JPG med mange opningar for veikar. Frå Nisjapur, 800-900-talet.]]

Historie


Oljelampar har ein lang historie og har funnest i mange kulturar. Dei er kjende frå historiar som «Aladdin og den magiske lampen» og frå den kristne likninga om dei fem dumme og dei fem kloke jentene (Matt. 25:1-13) som måtte venta natta gjennom med oljelampane sine.

I middelhavslanda brukte ein oljelampar med olivenolje til godt innpå 1800-talet, i avsidesliggjande område til 1900-talet. I dag blir oljelampar helst brukt til symbolske føremål, som til religiøse ritual i hinduismen.

Lenkjer ut


Kjelder


lyskjelder | olje

Oljelampa | Öllampe | Oil lamp | Lampe à huile | Olielamp | Kaganek | Oil lamp | Öljylamppu | எண்ணெய் விளக்குகள்

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Oljelampe".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld