Africa-countries-northern.png Nord-Afrika er den delen av Afrika som ligg nord for Sahara, og skiljer seg språkleg, kulturelt og klimamessig frå resten av kontinentet. Området omfattar Vest-Sahara, Tunisia, Marokko, Algerie, Libya, Egypt, og dei spanske territoria Ceuta og Melilla. I vide definisjonar vert Mauritania, Sudan, Etiopia og Eritrea òg tekne med ettersom dei har hatt mykje av dei same kulturelle påverkingane frå Arabia og islam. I snevre definisjonar vert Egypt utelatt.
Innbyggjarane og kulturen i Nord-Afrika har røter frå både Afrika og Midt-Austen, men dei er i dag mest knytta til den arabisk-talande muslimske verda. Fleirtalet av menneska som bur der er muslimar, men ein finn òg kristne og jødar. Hovudspråka i området er ulike arabiske dialektar og berberspråk.
Ein kan dela regionen inn i tre ulike kulturelle område: Maghreb i nordvest), Sahara, og Nildalen i aust.
Dei vestlege områda i Maghreb og Sahara er prega av berbisk og arabisk kultur, i tillegg til tidlegare påverknad frå middelhavsfolk som nubiarar, grekarar, fønikarar, romarar og vandalar. I Sahara går eit skilje mellom fastbuande i oasar og nomadiske beduinar og tuaregar.
Nildalen kan spora kulturen sin tilbake til faraotida i det gamle Egypt, og har i tillegg til ein muslimsk majoritet grupper av kristen koptarar. Lenger sør i området bur hovudsakleg ikkje-muslimske nilotar og nubaer.
Opphavleg var innbyggjarane i det meste av Nord-Afrika svarte afrikanarar, men mange av desse forlet området då Sahara vart ein ørken. Ein av verdas eldste sivilisasjonar oppstod i Egypt for fem tusen år sidan. Sidan grunnla fønikarane og romarane koloniar langs kysten.
Området vart invadert av muslimske arabarar på 600-talet, og regionen med unntak av Marokko kom sidan med i Det osmanske riket. På 1800-talet vart det kolonisert av Frankrike, Storbritannia, Spania og Italia. Alle dei nordafrikanske statane vart sjølvstendige på 1950- til 1970-talet, bortsett frå nokre små spanske koloniar lengst nord i Marokko, og Vest-Sahara, som fortsatt er okkupert av Marokko.
Området hadde tidlegare ein stor jødisk busetnad, sefardiske jødar, som var komne dit under europeiske forfølgingar i renessansetida. Dei fleste av desse emigrerte til Frankrike eller Israel då dei nordafrikanske landa fekk sjølvstende. Medan det fantest 600 000–700 000 jødar i området før Israel blei til, er det i dag igjen bare rundt 15 000 i regionen.
Nord-Afrika | Middelhavet | Afrika
Nord-Afrika | Nordafrika | شمال أفريقيا | Africa du Nord | Sjeverna Afrika | Norzhafrika | Северна Африка | Àfrica del Nord | Severní Afrika | Gogledd Affrica | Nordafrika | Põhja-Aafrika | North Africa | Nord-Afriko | افریقای شمالی | Afrique du Nord | 북아프리카 | Sjeverna Afrika | Afrika Utara | Norður-Afríka | Nordafrica | צפון אפריקה | Afrika Utara | Noord-Afrika | 北アフリカ | Afryka Północna | Norte de África | Северная Африка | North Africa | Severna Afrika | Северна Африка | Sjeverna Afrika | Pohjois-Afrikka | Hilagang Aprika | Kuzey Afrika | Afrike bijhrece | 北部非洲
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Nord-Afrika".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world