Morfem er ei teoretisk eining med røter innafor strukturalistisk lingvistikk. Omgrepet blir brukt på to ulike måtar, den eine går attende via Leonard Bloomfield til Jan Badouin de Courtenay, og den andre til Charles Hockett. de Courney sin opprinnelege definisjon var denne:
Det er Bloomfield som held fast på kjerna i de Courtenay sitt morfembegrep, og ser på morfemet som den minste meiningsberande eininga i språket.
I den viktige boka Language frå 1933 sette Bloomfield opp ein avansert morfologisk teori, der de Courteney sitt morfembegrep var ein av grunnsteinane. Bloomfield skilde mellom leksikalsk og grammatisk form, og for kvar form mellom eining, form med og utan innhald, og innhald.
| Nivå | Leksikalsk form | Grammatisk form |
|---|---|---|
| minimal form | fonetisk form | taktisk form |
| form utan meining | fonem | taksem |
| form med meining | morfem | tagmem |
| meining | semem | episemem |
I engelsk er t.d. affiksa -s, -z, -is, -iz fonetiske variantar av det same morfemet, mens affikset -en (som vi har i oxen) er eit anna morfem. Desse to morfema er bunde saman ved å ha det same sememet, "meir enn ein". Dette er på den leksikalske sida. På den grammatiske sida er det ikkje substans, men struktur, og taktisk form inneber fire og berre fire måtar å arrangere leksikalsk form på, nemleg rekkjefølgje, modulering, fonetisk modifisering og seleksjon. I dømet med engelsk er det relavante tagmemet prosessen å velje eit morfem, enten dette morfemet er eit suffiks (evt. klasse av suffiks), eller det er endring av eit basismorfem (man til men).
I løpet av det neste tiåret endrar Zellig Harris og Charles Hockett Bloomfield sitt morfemomgrep drastisk. Harris held fast på at ein kvar sekvens av fonem med meining er eit morfem, og eit sett av morfem med same meining er ei morfemeining ("sequence of phonemes which has meaning, and which is not composed of smaller sequences having meaning, is a morpheme (unit)", og: "two or more * are grouped together into a single morpheme unit") (Harris 1942). Harris slår altså saman Bloomfields -s, -is, -z, -iz, -en, null til morfemalternasjonar av same morfemeining.
Hockett 1947 endrar dette til klassisk strukturalistme, ved å seie at -s, -is, -z, -iz, -en, null er allomorfar av same morfem, og at dette morfemet (i dette tilfellet) er ''fleirtal.
Lingvistisk teori på 1960- og 70-talet kom til å leggje vekt på syntaks, og morfologi fekk lita merksemd. I praksis kom Hocketts og Bloomfields morfem til å leve side om side. Ei sentral innføringsbok, Lyons 1968, seier t.d. at ordet unacceptable er laga av tre einingar, un, accept og able, "customarily reffered to as 'morphemes'" (s. 170). På s. 181, derimot dreg Lyons eit skilje mellom på den eine sida morfema, og på den andre sida representasjonane desse morfema har. Allomorfar er, “alternative representations of a morpheme”, t.d. representerer /s/, /z/ og /iz/ “the plural morpheme {s}”,
Det største problemet med å bruke omgrepet morfem i lingvistisk analyse er altså at det er inherent tvetydig. Morfologi er studiet av korleis grammatiske trekk blir uttrykt i ordformer, og ein terminologi som ikkje er i stand til å skilje mellom innhald og form er ubrukeleg til dette føremålet.
Når morfemomgrepet er veldefinert, t.d. som det bloomfieldske morfemet, er det også problematisk. Innebakt i den morfem-baserte definisjonen ligg tre ulike hypoteser:
Alle desse tre hypotesene blir forkasta av moderne morfologisk teori.
Det bloomfieldske morfemet kan delast inn i ulike typar:
Det er mogleg å dra skilnaden mellom "frie" og "bunde" morfem, men denne skilnaden korresponderer ikkje alltid til ein grammatisk distinksjon mellom røtter og grammatiske formativar. Frie morfem kan vere teikn med innhald, som hus, men dei kan også vere formativar utan eige innhald, som t.d. til, som m.a. kan ha same funksjon som klitikonet (det "bunde morfemet) -s.
Same "morfem" blir ofte brukt til både bøying og avleiing, som når -ar representerer bøying i hundar, men avleiing i (ein) lærar
Morfem | Morfem | Morfem | Morfem | Морфема | Morfém | Morffem | Morphem | Morpheme | Morfema | Morfemo | تکواژ | Morphème | Moirféim | 형태소 | Morfemo | Myndan | מורפמה | Morféma | Morfeem | 形態素 | Morphem | Morfem | Morfema | Morfem | Морфема | Morfeemi | Морфема | 基本词汇