Edward S. Curtis Collection People 008.jpg Mor er ein kvinneleg forelder. Omgrepet kan brukast både om ho som har bore og fødd ungar og ho som fostrar dei opp. Det å bli mor er ein viktig overgang i livet, og i mange samfunn blir ei jente først då rekna som ekte kvinne. Å bera fram mange barn gav status, medan barnlausheit var sett på som ei forbanning.
Dersom ein vil skilja mellom ulike typar mødre, kan ein kalla ho som har fødd ungane ei biologisk mor, ei som fostrar opp ungar utan å ha rettslege band til dei ei pleiemor, og ei som har adoptert dei ei adoptivmor. Stemor er eit negativt lada uttrykk om ei kvinne som har fått morstittelen ved å gifta seg med faren til ungane.
Hjå mange dyr er særleg mora bunde til ungane sine ved sterke band. Ofte tek bandet til å formast under svangerskapet og blir kraftig styrka av hormonar under og etter fødselen. Hjå pattedyr skaper morsmjølka, den einaste næringa som passar heilt for den nyfødde ungen, eit kraftig fysisk band. I menneskesamfunn har barnefødsel og amming vore viktige hendingar som har vore omgjevne av mange ritual og folketru.
Det er vanleg kjend at mødre kan gjera heltemodige ting for å verna ungane sine, og mange fredelege dyr er farlege bare dersom ein kjem mellom mora og ungen hennar. Morsbandet er eit viktig instinkt som hjelper ungane å veksa opp og mora til å føra arvestoffet sitt vidare. Omsorga frå faren kan likevel vera like viktig som mora sin, og hjå dyr som ikkje pattar kan han vera viktigare.
Ein kan kalla kvinner «mor» for å visa respekt for alderen eller stillinga deira. Yrkestittelen jordmor blir gjeven til kvinner som hjelper til ved fødselen. Ei vermor har òg mor i tittelen, men i nokre samfunn har det vore vanleg å kalla henne ganske enkelt «mor» for å understreka det nye slektskapet. I norske folkeeventyr vann Oskeladden mykje ved å kalla gamle koner han ikkje kjende for «mor».
I nokre samfunn kan ein gje ein heva, gudinneliknande status til visse kvinner, og då gjerne kalla dei «mor» til alle. Til dømes blei den kvinnelege etterfølgjaren til hinduleiaren Sri Aurobindo kalla «Mother». Innan kristendommen kan ein bruka morsnemninga til abbedisser eller prestekoner, og somme tider til nonner.
VenusWillendorf.jpg kan førestilla ei modergudinne.]] Andre stader tilber ein ei gudinne direkte som òg blir kalla mor. Funn av kvinnestatuar frå steinalderen med framheva moderlege trekk – store bryst, magar og rumper og somme tider kjønnsorgan – tyder på at ein dyrka slike gudinner i Europa på denne tida. I India tilber ein fortsatt modergudinner (Devi) mange stader i landet, slik som Durga i Bengal, Ambe Ma i Gujarat og Maharashtra, Ammavaru i Andhra Pradesh, og Ammann i Tamil Nadu.
Tamilar snakkar om «den tamilske mora», som står for det tamilske landet og språket. Nokre stader, til dømes i Frankrike og England, omtalar ein landet sitt som ei kvinne, kanskje ei mor. I germansk tradisjon snakkar ein derimot gjerne om faderlandet.
Mor | Mutter | Matka | Mutter | Mother | Madre | Patrino | Mère | Madre | Reny | Moeder | 母親 | Mãe | Mother | Matka (biológia) | Мајка | Äiti | Мати | מוטער | 母親