Mikrokreditt er ei nemning brukt om små lån til menneske som ikkje blir rekna som kredittverdige av vanlege bankar. Kreditten blir gjeven som ein form for hjelp til sjølvutvikling, der fattige menneske får kapital slik at dei kan starta si eiga verksemd og koma seg ut av fattigdomen. Ordninga er ei aukande form for utviklingshjelp som kan vera svært vellukka.
2005 er utnemnd til år for mikrokreditt av SN.
På om lag same tid, truleg sjølvstendig frå forsøket til Accion, starta den bangladeshiske USA-utdanna økonomen Muhammad Yunus eit liknande prosjekt i heimlandet sitt. Under hungersnauda i Bangladesh i 1974 fann han ut at svært små lån kunne ha stor effekt på livet til fattige, medan bankar ikkje var interesserte i å gje slike lån til folk dei meinte var kredittrisikable. Yunus ga derfor eit lån på 27 dollar frå si eiga lomme til 42 kvinner som laga bambusmøbel. Kvinnene hadde tidlegare teke opp lån med svært høg rente for å få råd til å kjøpa trevyrke. No kunne dei sjølv, i staden for lånehaiane, nyta godt av fortenesta.
I 1976 grunnla Yunus Grameenbanken som skulle gje lån til fattige bangladesharar. For å sikra tilbakebetaling ga banken lån til grupper der medlemmene stilte garanti for kvarandre og samarbeida om økonomisk vekst. Grameenmodellen blei ein stor suksess, og er blitt kopiert av mange andre mikrokredittlag. Mellom anna viste erfaring at kvinner var mykje betre til å betala tilbake låna, og til å bruka det dei tente på familiane sine. Både Grameenbanken og mange andre mikrokredittprosjekt gjev derfor hovudsakleg lån til kvinner.
utviklingshjelp | kreditt | økonomi
Mikrokreditt | Mikrokredit | Microcredit | Microcrédito | Microcrédit | Microcredito | Microkrediet | Microcrédito | Микрокредитование
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Mikrokreditt".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world