Mary Wollstonecraft Shelley (fødd 30. august 1797 i London, død 1. februar 1851 i London), var ein britisk forfattar som er mest kjend for boka Frankenstein.
Mary sine foreldre var Mary Wollstonecraft, som døydde då Mary var ti dagar gamal, og William Godwin. Etter at faren gifta seg på ny i 1801 levde Mary ofte hos pleieforeldra i Skottland. Allereie 10 år gamal skrev ho si første bok.
1814 rømte ho (History of a six weeks' tour) med poeten Percy Bysshe Shelley, 1816 gifta dei seg etter at den første kona hans hadde gjort sjølvmord. Same året (året utan sommar) drog dei saman med Mary si søster Claire til Sveits for å treffe Lord Byron. I løpet av sommaren var dei ofte i lag nattetider i Byron sin Villa Diodati. I skummelt torevêr leste dei grøssarar for kvarandre. Byron sin livlege, John Polidori, var òg med.
Inspirert av desse nattlege fantasiane i kombinasjon med bruk av opiater, oppstod tanken om at dei sjølve kunne skrive liknande forteljingar. Berre Mary Shelley og John Polidori kom lenger enn til utkast. I 1818, ho var då 19 år gamal, gav ho ut Frankenstein, rekna for å vere den første science fiction-romanen. Året etter, i 1819 gav John Polidori ut romanen The Vampyre som seinare skulle inspirere Bram Stoker til romanen Dracula som var gjeven ut i 1897.
Frankenstein vart populær, Mary Shelley byrja difor å skrive fleire bøker. Av dei meir sentrale er The Last Man som handlar om menneska sin undergang i det 21. århundret.
Mary Shelley | Mary Wollstonecraft Shelley | Mary Shelley | Mary Wollstonecraft Shelley | Mary Shelley | Мери Шели | Mary Shelley | Mary Shelley | Μαίρη Σέλλεϋ | Mary Shelley | Mary Shelley | Mary Shelley | Mary Shelley | مری شلی | Mary Shelley | Mary Shelley | Mary Wollstonecraft Shelley | מרי שלי | Mary Shelley | メアリー・シェリー | Mary Shelley | Mary Shelley | Шелли, Мэри Уолстонкрафт | Mary Shelley | Mary Shelley | Mary Wollstonecraft Shelley | Mary Shelley | แมรี เชลลีย์ | Mary Shelley | 玛丽·雪莱
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Mary Shelley".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world