Maria, Marie og Mari er norske variantar av det hebraiske kvinnenamnet מִריָם *, som tyder bitter, og var svært mykje brukt i tida Jesus levde. Især var det namnet til mor hans, ofte kalla jomfru Maria, og på grunn av dette er det blitt eitt av det vanlegaste i den kristne verda. Det opphavlege namnet finst fortsatt på hebraisk som Miriam, og på arabisk som Maryam eller Maryem (مريم).
Namnet kjem til oss frå den greske septuaginten som Mariam (Μαριαμ) og Maria (Μαρια). På norsk i dag uttalar me gjerne namnet Maria med trykk på den første a-en. På norrønt, i nokre norske dialektar og på dagens islandsk, er det derimot vanleg å leggja trykket på i-en. Då er det lett å sjå kvar namnet Mari kjem frå.
Ein kan òg skriva namnet som Mairi eller Maire på gælisk, Meri på gresk og Meriju på finsk. Mary er den engelske utgåven av Maria. Det har òg kome i bruk som eit norsk namn, då gjerne uttala «Marri» (men òg «Merri»). Namnet har fleire avleiingar, til dømes Mol, Molly, Polly, Mara, Misie, Mameie og Mally.
Maria kan òg brukast som mellomnamn for menn, som til dømes i Erich Maria Remarque.
Virgin Child Cherubim Della Robbia.jpg er ein kjend berar av namnet Maria.]]
=Kjende namneberarar=
Vulkanen Santa Maria i Guatemala har òg fått namn etter henne.
Cocktailen Bloody Mary er kalla opp etter dronning Maria I av England.
Førenamn av hebraisk opphav | Kvinnenamn
Maria | Mary | Marie | Maria | 메리 | Mária | Maria | Maria | 馬利亞