Lungeemfysem, ofte kalla emfysem, er ein irreversibel, kronisk obstruktiv lungesjukdom der lungealveolane gradvis blir nedbrotne. Årsaksfaktorane er kompliserte, men to hovudårsaker er miljøfaktorar (særleg langtidspåverknad frå tobakksrøyk eller innanding av giftige kjemiske stoff) og, mindre hyppig, arvelege sjukdommar som α₁-antitrypsinmangel, marfans syndrom og sallas sjukdom.
Emfysempasientar blir nokre gonger omtala som «pink puffers» på engelsk. Dette heng saman med at emfysempasientar ofte hyperventilerer for å oppretthalde tilstrekkjeleg oksygen i blodet. Denne hyperventileringa forklarar kvifor emfysempasientar oftast ikkje ser cyanotiske ut slik ein ser det i pasientar med kronisk bronkitt, som på engelsk tilsvarande kan bli kalla «blue bloaters».
I normal pusting blir luft trekt inn gjennom bronkiane, vidare gjennom bronkiolane og ned i det stadig finare nettverket av rør i lungene som blir kalla lungealveolar eller lungesekkar — tusenvis av ørsmåe sekker omringa av kapillærårer. Desse tek opp oksygenet og overfører det til blodet. Når toksin som tobakksrøyk blir pusta inn i lungane, blir ein del av partiklane haldne att av flimmerhåra og kan ikkje pustast ut att. Dette fører i sin tur til lokal betennelsesrespons. Kjemiske stoff som blir utløyste under betennelsesreaksjonen, slik som trypsin og elastase, slepp laus og byrjar å bryte ned alveolveggene. Dette fører med seg færre, men større alveolar. Dermed blir den totale alveolyta mindre og med tilsvarande lågare emne til å taka opp oksygen og skilje ut karbondioksid. Eit stoff som blir kalla α₁-antitrypsin (alfa-1-antitrypsin) nøytraliserer normalt den vevsnedbrytande verknaden åt desse stoffa.
Etter lengre tid strekkjer etterkvart hyperventilasjon ikkje til for å oppretthalde høgt nok oksygennivå i blodet, og kroppen kompenserer ved vasokonstriksjon (blodkarsamantrekking) av dei relevante blodkara. Dette fører til pulmonær hypertensjon, som i sin tur fører til forstørring og auka press på høgresida åt hjarta; noko som i sin tur fører til perifert ødem (oppsvelling av føter og hender) etter som blodoverskotet aukar i den systemiske sirkulasjonen og hopar seg opp i vevet.
Emfisem opptrer hyppigare i pasientar med α₁-antitrypsinmangel (A1AD). I A1AD kan betennelsesenzym (som t.d. elastase) relativt uhemma øydeleggje lungealveolvevet — som t.d. elastinfibra. Dei fleste A1AD-pasientane utviklar ikkje klinisk signifikant emfysem, men røyking og/eller alvorleg redusert α₁-antitrypsinnivå (særleg under under 16 %) vil ofte føre til emfysem i ung alder. Alt i alt er α₁-antitrypsinmangel hovudårsak til om lag 2 % av alle emfysemfall.
Frå dei siste tiåra av 1900-talet har forskinga på sjukdomsopphavet åt emfysem involvert dyreforsøk der ulike proteasar vart tilførte luftrøret i ymse dyreslag. Desse dyra utvikla bindevevsskadar, noko som vart teke til inntekt for protease-antiproteaseteorien. Men faktumet at desse stoffa kan øydeleggje bindevev i lungene — som ikkje er spesielt overraskande — etablerer ikkje patogenetisk kausalitet. Meir nylige forsøk har fokusert på teknologisk meir avanserte, men elles teoretisk liknande innfallsvinklar gjennom genmanipulering. Den truleg mest interessante utviklinga i forståinga vår av denne sjukdommen har komme frå produksjonen av dyr med ymse spesifikke former av genetisk basert proteasemangel, og observasjon om desse dyra har ein sterkare eller svakare tendens til utvikling av emfysem. Det er lite truleg at den nøyaktige patogenesen åt denne sjukdommen vil bli avdekt i særleg stor grad i den nærmaste framtida.
Sjå òg ovanfor for α₁-antitrypsinmangel (A1AD). Alvorlege fall av A1AD involverer ofte òg skrumplever, der opphoping av α₁-antitrypsin fører til ein fibrotisk reaksjon.
Den medikamentelle behandlinga er først og fremst orientert mot å betre pusten til pasienten. Dette blir typisk sett gjort med antikolinerge lækjemiddel, bronkodilatorar og (inhalerte eller orale) steroid — og dessutan oksygen når det trengst. Behandling av andre medisinske problem, inkludert GERD og allergiar, kan òg hjelpe på lungefunksjonen. Oksygentilskot i minst 20 timar per dag er den einaste ikkje-kirurgiske behandlinga som har vist seg å forlengje livet til emfysempasientar. Det finst lettvekts oksygensystem som lèt pasientane røre seg lettare enn ved bruk av konvensjonelle oksygentankar. Emfysempasientar som elles har helsa under god kontroll kan flyge, reise på cruise og arbeide medan dei brukar oksygen frå portable system. Det blir òg forska på andre lækjemiddel.
For visse spesifikke pasientar kan lungevolumreduksjonskirurgi (LVRS) betre livskvaliteten vesentleg. Dette kan gjerast etter fleire ulike metodar, og nokre av desse inngrepa er relativt småe. Den einaste eigentlege «kuren» for emfysem er lungetransplantasjon, men mange emfysempasientar er ikkje fysisk sterke nok til å overleva operasjonen. Kombinasjonen av alder, oksygenmangel og biverknadene av lækjemidla som blir bruka for å behandle emfysem fører til ulike grader av skade på nyrene, hjarta og andre organ. Organtransplantasjonar medfører òg at pasienten lyt taka ei rad av antiavvisingslækjemiddel som undertrykkjer immunsystemet og fører med seg nye medisinske problem for pasienten.
kronisk obstruktiv lungesjukdom | pulmonologi | luftvegssjukdommar | sjukdommar
Lungenemphysem | Emphysema | Enfisema | Emphysème | Emfyseem | Emphysema
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Lungeemfysem".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world