article

Beethoven.jpg1827) (Måleri: J.K. Stieler (1820))]]

Ludwig van Beethoven (ca 16. desember 177026. mars 1827) var ein tysk komponist i overgangen mellom klassisismen og romantikken. Han er særleg kjend for dei ni symfoniane og klaversonatane sine, men òg mellom anna for dei seine strykekvartettane, som ofte går under kallenamnet «Dei galne strykekvartettane». Beethoven blir rekna som ein av dei aller største komponistane i den europeiske klassiske musikktradisjonen gjennom tidene.

Liv og musikalsk utvikling


Beethoven vart fødd i Bonn i Tyskland, og fekk si første musikalske undervisning av sin drikkfeldige far. Han la tidlig merke til guten sitt store musikalske talent, og fekk idéen om å drive han fram som vidunderborn etter Wolfgang Amadeus Mozart sitt mønster. Slik skulle familien tjene sårt tiltrengte pengar. Fire år gamal fekk Beethoven undervisning i fiolin- og klaverspel, men denne opplæringa skal ha vore både uryddig og mangelfull.

Seinare fekk han undervisning av ein ven og kollega av faren, Pfeiffer. Han var ein dyktig musikar, men òg drikkfeldig, og undervisninga vart like skral som før. Sidan var han elev av bestefaren sin gamle ven, hofforganist van der Eeden, deretter av hans etterfølgjar Christian Neefe, som vart ein faderleg ven for Beethoven. I 1792 busette han seg i Wien og vart Joseph Haydn sin elev.

Beethoven var ikke berre komponist; han var òg ein framifrå pianovirtuos. Komposisjonane hans vitnar om store fingerferdigheiter og han skal ha sagt om tredje sats i sin pianosonate nr. 14, den såkalla måneskinnssonaten, at ingen vil nokonsinne kunne spele den skikkelig.

Ludwig van Beethoven sine tidligare verk høyrer til wienerklassisismen og har mange fellestrekk med Mozart og Haydn sine komposisjoner. Dei seinare arbeida kan seiast å være ein overgang mellom wienerklassisismen og romantikken.

Beethoven leid av ei høyrselsskade som vart stadig verre, og i 1818 var han heilt døv. Dette gjekk hardt inn på han, og han vurderte sjølvmord. Han heldt likevel fram med å komponere. Sinnsstemninga og frustrasjonen har nok gjort verka meir kraftfulle.

Beethoven sin musikk til Schillers ode an die Freude (til gleda, frå den 9. symfoni) vart i 2004 teken opp som EUs nasjonalhymne.

Verk


Soloverk

Beethoven Hammerklavier.jpg, op. 109.]]

Pianosonatar

  • Opus 2/1: Sonate nr. 1 i f-moll (1795)
  • Opus 2/2: Sonate nr. 2 i A-dur (1795)
  • Opus 2/3: Sonate nr. 3 (1795)
  • Opus 7: Sonate nr. 4 i Ess-dur (1797)
  • Opus 10/1: Sonate nr. 5 i c-moll (1798)
  • Opus 10/2: Sonate nr. 6 i F-dur (1798)
  • Opus 10, no. 3: Sonate nr. 7 i D-dur (1798)
  • Opus 13: Sonate nr. 8 i c-moll, "Pathetique" (1798)
  • Opus 14/1: Sonate nr. 9 i E-dur (1798)
  • Opus 14/2: Sonate nr. 10 i G-dur (1798)
  • Opus 22: Sonate nr. 11 i B-dur (1800)
  • Opus 26: Sonate nr. 12 i Ass-dur (1801)
  • Opus 27/1: Sonate nr. 13 in Ess-dur (1801)
  • Opus 27/2: Sonate nr. 14 i ciss-moll, "Måneskinnsonaten" (1801)
  • Opus 28: Sonate nr. 15 i D-dur, "Pastoralesonaten" (1801)
  • Opus 31/1: Sonate nr. 16 i G-dur (1802)
  • Opus 31/2: Sonate nr. 17 i d-moll, "Stormen" (1802)
  • Opus 31/3: Sonate nr. 18 i Ess-dur (1802)
  • Opus 49/1: Sonate nr. 19 i g-moll (1796)
  • Opus 49/2: Sonate nr. 20 i G-dur (1796)
  • Opus 53: Sonate nr. 21 i C-dur "Waldstein" (1803)
  • Opus 54: Sonate nr. 22 i F-dur (1804)
  • Opus 57: Sonate nr. 23 i f-moll "Appassionata" (1804)
  • Opus 78: Sonate nr. 24 i Fiss-dur (1809)
  • Opus 79: Sonate nr. 25 i G-dur (1809)
  • Opus 81a: Sonate nr. 26 i Ess-dur "Les adieux/Lebewohl" (1810)
  • Opus 90: Sonate nr. 27 i e-moll (1814)
  • Opus 101: Sonate nr. 28 i A-dur (1816)
  • Opus 106: Sonate nr. 29 i B-dur "Hammerklavier" (1819)
  • Opus 109: Sonate nr. 30 i E-dur (1820)
  • Opus 110: Sonate nr. 31 i Ass-dur (1821)
  • Opus 111: Sonate nr. 32 i c-moll (1822)

Kammermusikk

Fiolin og piano

Strykekvartettar

Symfonisk musikk

Symfoniar

Overtyrer

Konsertar

Klassisistiske komponistar | Romantiske komponistar | Tyske komponistar

Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | لودفيج فان بيتهوفن | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | লুড‌উইগ ভ্যান বেইটোভেন | Ludwig van Beethoven | Лудвиг ван Бетховен | Ludwig van Beethoven | Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Λούντβιχ βαν Μπετόβεν | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | بتهوون | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | 루트비히 판 베토벤 | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | לודוויג ואן בטהובן | Ludwig van Beethoven | ბეთჰოვენი, ლუდვიგ ვან | Ludovicus van Beethoven | Ludvigs van Bēthovens | Liudvikas van Bethovenas | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Лудвиг ван Бетовен | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | ルートヴィヒ・ヴァン・ベートーヴェン | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Бетховен, Людвиг ван | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Лудвиг ван Бетовен | Ludvig Van Betoven | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | ลุดวิก ฟาน เบโทเฟน | Ludwig van Beethoven | Ludwig van Beethoven | Бетховен Людвіґ ван | 贝多芬

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Ludwig van Beethoven".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld