Heart_with_ventricles_and_arteries.jpg C: høgre hjartekammer D: lungepulsåra. Ein kan sjå raude kranspulsårer nedover i fura mellom hjartekammera.]] Aorta_scheme.jpg | Aortic_divisions.png 3: arteria subclavia dextra 4: a. carotis communis dextra 5: a. carotis communis sinistra 6: a. subclavia sinistra 7: ductus arteriosus. I røynda ligg ikkje aortabogen og dei fråførande kara i same planet. Bogen går forfrå og bakover mens kara er ordna frå side til side.]] Livpulsåra (latin aorta) er ei pulsåre, ho blir òg kalla hovudpulsåra. Livpulsåra går hos menneska ut frå hjartets venstre hjartekammer. Ho er utførselen for oksygenrikt blod frå hjartet og starten på den delen av kretsløpssystemet som blir kalla det store kretsløpet. Starten på livpulsåra er aortaklaffen. Rundt klaffen er det ei utposing på åra, sinus Valsalva, kor ein finn avgangen av kranspulsårene. Området frå aortaklaffen til slutten av sinus Valsalva blir kalla aortarota.
Livpulsåra kan vidare delast inn i aorta ascendens (stigane a.), arcus aortae (aortabogen), isthmus aortae, aorta descendens (synkande a.), aorta thoracalis (frå hjarte til mellomgolv) og aorta abdominalis (frå mellomgolv til slutt).
Livpulsåra kjem opp midt oppå hjartet. Rett på utsida av hjartet går kranspulsårene av, dei forsyner hjartemuskelen med blod. Så går åra oppover og bakover, normalt svakt mot venstre før ho bøyer i ein boge nedover og mot høgre. Vidare nedover ligg ho til venstre for og framom ryggraden. I bekkenet delar livpulsåra seg i høgre og venstre arteria illiaca communis som gjer blodforsyning til nedre del av underlivet og beina.
På vegen nedover går det av store og små blodkar heile vegen. Av dei store kan nemnast dei tre bogekara (til hovud, hals og armar) truncus brachiocephalicus, a. carotis communis og a. subclavia. Under hjartet kjem truncus coeliacus (til magesekk og lever), øvre og nedre a. mesenterica (til tarmane) med a. renalis (til nyrane) innimellom.
kardiologi | Det kardiovaskulære systemet | Anatomi | Hjarte
Aorta | Aorta | Aorta | Аорта | Aorta | Aorta | Aorta | Aorte | Aorta | Aorta | Aorta | Aorta | 大動脈 | Aorta człowieka | Aorta | Аорта | Aorta | Srdcovnica | Аорта | Aortta | Аорта | 主動脈
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Livpulsåre".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world