article Related Topics:
Leukemia
 

Leukemi er kreft i beinmerg, lymfeknutar eller andre stader som produserer kvite blodlekamar (leukocyttar). Leukemi er i dag heller eit samlingsnamn enn èin spesifikk sjukdom.

Typar


Leukemi blir delt inn i akutt og kronisk form. Det finst fire hovudtypar av leukemi.

Hos vaksne er AML og KML vanlig, medan ALL er vanlegast hos born.

Ved akutte leukemiar skjer ein rask tilvekst av umodne blodlekamar. Den unormale tilveksten gjer at beinmergen ikkje kan produsere normale blodlekamar. Akutte former for leukemi er vanlegast hos born og yngre vaksne.

Kroniske leukemiar har ei langsam oppbygging av store mengder av modne, men unormale blodlekamar. Akutt leukemi må takast til behandling straks, men det hastar ikkje fullt så mykje med kroniske leukemiar.

Symptom


Skadar på dei bloddannande organa resulterer i mangel på blodplater, som er viktige i blodlevringsprosessen. Dette gjer at personar med leukemi kan få blåmerke eller blødningar. I tillegg gjer sjukdommen pasienten andpusten og trøytt. (Raude blodlekamer) trengst for å transportera oksygen rundt i kroppen. Bein- eller leddsmerter kan oppstå. Hovudverk og brekningar kan tyde på at kreften har spreidd seg til sentralnervesystemet.

Ved kronisk myelogen leukemi er milten ofte forstørra. Forstørra lymfekjertlar er det vanlegaste kliniske teiknet for kronisk lymfatisk leukemi.

Behandling


Ofte blir leukemi behandla med cellegift og stråling. Begge metodane blir også brukt i kombinasjon med kvarandre. Nokre gonger er beinmargstransplantasjon naudsynt. Ny frisk beinmarg kan atterskapa eit funksjonelt immunforsvar.

Kjelder


Kreft Blodsjukdommar

Leukemi | Leukemi | Leukæmi | Leukemie | Leukämie | Leukemia | Leucemia | Leŭkemio | Leucémie | 백혈병 | Leukemia | Leucemia | Leucemia | לוקמיה | Leukemija | Leukémia | Leukemia | Leukemie | 白血病 | Białaczka (medycyna) | Leucemia | Leukémia | Леукемија | Leukemia | Leukemia | Ung thư bạch cầu | Lösemi | Лейкемія | 白血病

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Leukemi".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld