Lascaux er namnet på eit gods ved Montignac i Dordogne i Frankrike der fire gutar i 1940 fann ei hole som viser holemaleri som er 15.000 - 17.000 år gamle.
Lascaux.jpg Lascaux er ein kolle forma av kalkstein frå den yngre kritt-tida og hola skil seg ut frå andre grotter i området ved at ho er djup og «tørr». Takka vere eit lag med leire har ikkje vatn klart å trenge inn gjennom den porøse bergarten. Dette har verna veggmaleria i tida fram til dei blei oppdaga.
På 1950- og 1960-talet fremja Annette Laming-Emperaire og André Leroi-Gourhan strukturalistiske tolkingar av holemaleria. Denne tilnærminga henta mykje inspirasjon frå antropologen Claude Lévi-Strauss og hans analyse av myter som organiserte kring binære opposisjonar. Dette innebar at ein såg på holemaleria som planlagde komposisjonar der dei ulike figurane er plasserte ut frå verdsoppfatningar som vi ikkje kan kjenne. Vi kan likevel finne eit mønster for korleis maleria har vorte komponerte. Ifølgje desse tolkingane sto ofte hestar og ibuxar (antilopar) i ein opposisjon til bisonar og oksar i dei ulike holene. Dei siste representerte det feminine, medan dei første representerte det maskuline i komposisjonen. Dei strukturalistiske tolkingane har sidan vorte kritiserte for å vere basert på for vilkårlege inndelingar i høve til kva figurar som står i opposisjon til kvarandre og ikkje. Seinare forsking har likevel til ein viss grad bygd på strukturalistane sine arbeid.
I 1983 blei det opna ein «faksimile» eller kopi av grotta kalla Lascaux II. Kunstnarar brukte ti år på å lage denne kopien så lik den originale som råd. Dei forsøkte også å etterlikne både teknikk og malinga som dei opphavlege holebuarane kunne ha brukt.
bergkunst | eldre steinalder | Dordogne
Lascaux | Lascaux | Lascaux-hulerne | Lascaux | Höhle von Lascaux | Lascaux | Lascaux | Grotte de Lascaux | Lascaux | Lascaux (Akwitania) | Lascaux