Kypros (gresk Κύπρος, tyrkisk Kıbrıs) er ei øy aust i Middelhavet, 113 km sør for Tyrkia og rundt 12 mil vest for kysten til Syria. Geografisk sett er Kypros ein del av Tyrkia, men kulturelt har øya vore europeisk i tida etter om lag den fyrste verdskrigen. Sidan ein tyrkisk invasjon i 1974 har øya vore delt i ein gresk og ein tyrkisk del, Republikken Kypros og Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Nord-Kypros er ikkje internasjonalt anerkjent av andre land enn Tyrkia.
Satellite_image_of_Cyprus_in_January_2003.jpg
Geologisk består Kypros av ei smal, høg fjellrekkje langs nordkysten av øya, eit breiare fjellparti i aust-vest-retning som ligg som eit belte over øya, og eit fruktbart område mellom dei to.