Coarctation.png, 2: Høgresidige lungevener, 3: Høgre lungepulsåre, 4: Øvre holvene, 5: Venstre lungearterie, 6: Venstresidige lungevener, 7: Høgre hjartekammer, 8: Venstre hjartekammer, 9: Lungepulsåre, 10: Aorta (hovudpulsåra)]]
Koarktasjon er ei forsnevring (stenose) på livpulsåra. På medisinsk latin heiter det coarctatio aortae av cum ihop og arctare snøra, aorta livpulsåra. Innsnevringa bremsar straumen av blod frå hjartet til underkroppen. Som regel er forsnevringa sist på bogen (latin arcus aortae), rett etter avgangen av arteria subclavia sinister. Ho er ein medfødd hjartefeil som kan forekomme isolert eller i samband med andre feil, og utgjer fem til åtte prosent av alle medfødde hjartefeil. Sjølv om jenter med Turners syndrom har overhyppigheit av koarktasjon finn me feilen noko oftare hos gutar enn hos jenter. For kvar jente med sjukdommen er det 1,3–2,0 gutar (Gatzoulis 2003). Koarktasjon av aorta blei første gong skildra av Johann F. Meckel den eldre i 1750.
Sit innsnevringa i innmunninga av ductus, vil han ofte vise seg først når ductus lukkar seg. Sit innsnevringa under ductus kan ein få eit overbelasta venstre hjartekammer med dårleg funksjon og dårleg blodforsyning av underkroppen sjølv om ductus er open.
Innsnevringa er som oftest heilt avgrensa og mindre enn ein centimeter lang, med ein utprega timeglass-fasong. Ho er då mest som ei hylle eller membran inne i åra. Innsnevringa kan òg vera langstrakt. Ein talar då oftast om bogehypoplasi.
Ein koarktasjon opptrer åleine i 18–22% av tilfella. Den vanlegaste tillegsfeilen er bikuspid aortaklaff (46-85% av tilfella), dernest aortastenose, mitralstenose og ventrikkelseptumdefekt (26–65%) (Valdes-Cruz 1998).
Det finst ikkje konsensus om kva for teoriar som har størst forklaringskraft.
Det er ikkje så reint sjeldan at koarktasjonar ikkje er så alvorlege på kort sikt. Imidlertid vil venstre hjartekammer måtte arbeida mot ein auka motstand. Det vil gje forstørra hjartemuskel (hypertrofi av myokard) og auka blodtrykk før forsnevringa. Bak forsnevringa vil blodtrykket vera lågare enn normalt. Det vil gjerne med tida vekse blodårar forbi den tronge plassen, sokalla kollateralar. Desse syter for auka blodforsyning til underkroppen.
Kirurgisk korreksjon er valet på små ungar og ved mange anatomiske tilhøve. Er forsnevringa kort blir ho skoren ut og åra skøytt ende mot ende. Er forsnevringa lang kan det bli nødvendig å nytta kunststoff-lappar i åreveggen, eller andre metodar. Operasjonen kan gjerast utan hjarte-lunge-maskin og ein går inn anten mellom ribbeina noko baktil på venstre side eller gjennom brystbeinet, avhengig av anatomien på forsnevringa og aortabogen.
Behandling med medisinar mot høgt blodtrykk kan vera naudsynt.
For opererte pasientar er prognosen god, men dårlegare enn i den ålmenne befolkninga. Tal frå Mayo-klinikken på pasientar operert mellom 1946 og 1981 viser 91% overlevnad etter 10 år, 84% etter 20 år og 72% etter 30 år. For pasientar operert før dei fylde 14 år var overlevnad 20 år etter operasjonen 91%. Tidspunkt for operasjonen var den sterkaste prediktoren for godt utkomme. (Cohen 1989)
Nyare operasjonsmetodar kan gje betre prognose, men dette er ikkje dokumentert.
Ein må kontrollerast livet ut, både med omsyn til blodtrykk og fåre for ny forsnevring. Dei vanlegaste komplikasjonane er ny forsnevring, og utposing (aneurysme) ved operasjonsstaden.
Kardiologi | Medfødde hjartefeil
Aortenisthmusstenose | Aortic coarctation | Coartazione dell'aorta | Koarktacja aorty | Коарктација аорте
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Koarktasjon".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world