Kaptopril er først og fremst eit blodtrykksminskande lækjemiddel, men vert òg nytta ved hjarte-pumpe-svikt.
Kaptopril høyrer til ei gruppe lækjemiddel som vert kalla ACE-hemmarar. Desse lækjemidla hemmar omgjeringsenzymet angiotensin converting enzyme frå å gjera om angiotensin I til angiotensin II. Dette fører til lågare nivå av angiotensin II i blodet, eit stoff som blant anna får årene til å trekkja seg i hop og dermed gje pasientet eit auka blodtrykk.
Kaptopril var eit av dei første stoffa i verda til å verta designa frå kjennskapen til strukturen til det enzymet ein ønskte å blokkera.
I store dosar kan ein få utslett, nedsett smakssans, låge kvite blodceller (nøytropeni) og protein i urinen (proteinuria), kanskje på grunn av sulfhydryl-gruppa til molekylet. ACE-hemmarar gjev òg ofte pasianter ei irriterande, tørr hoste.
I tillegg til kan ein få for lågt blodtrykk, ein biverknad som er direkte knytt til den ønskja verknaden til emnet.
Kaptopril bør ikkje nyttast i gravide. Ein bør og vera svært varsam med å nytta kaptopril hjå pasientar med nyrearteriestenose.
Kaptopril vert vanlegvis administrert i tablettform. Gjes òg som mikstur til born.
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Kaptopril".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world