Kaliber er eit ord for den innvendige diameteren av eit rør eller den utvendige diameteren av ein vaier eller eit stavobjekt. Ordet kjem frå fransk calibre som kjem frå det arabiske ordet quâlib, som tyder form eller modell. Arabarane brukte ordet om formene ein støpte kuler i og dette var også den opprinneleg litterære tydinga av ordet caliber på engelsk.
Omgrepet nyttast som oftast i høve til skytevåpen om tverrmålet på løpet og prosjektilet i den tilhøyrande ammunisjonen, men det er óg i bruk på andre område.
Kaliberet er som regel angitt i millimeter eller centimeter, men i Storbritannia, USA og mange andre engelsktalande land er kaliberet angitt i hundre- eller tusendels tommar saman med nemninga cal.
Kaliberet til eit våpen blir ofte nytta som eigennamn på enkelte vanlege skytevåpen. Ein .45 cal pistol kallast såleis for ein «kaliber 45», ein 9 mm halvautomatisk pistol kallast ein «ni-millimeter» osb. Ofte misforstås nemninga cal til å vera ei eksakt måleeining (t.d. som nemning på 1/100 tomme), medan det altså berre er ei forkorting som brukast for å angi at det er kaliber det er snakk om.
Av historiske årsaker tilsvarar det trivielle namnet på patronskytevåpen ikkje alltid det eksakte kaliberet. Til dømes avfyrer den populære .38 Special-revolveren eigentleg kuler med ein diameter på 0,357 tommer.
Kaliberet i seg sjølv er ikkje ein god indikator på eit prosjektil sin anslagsstyrke mot eit mål. Vekt og form på kula, kruttkapasiteten i patronhylsa og lengda på løpet er nokre av dei mange faktorane som verkar inn.
Små handvåpen varierar i kaliber frå 4,5 millimeter og opp til 13 millimeter, medan våpen som nyttast til storviltjakt og liknande kan ha kaliber på over 20 millimeter. Til samanlikning var 1800-talet sine muskettar og munnlada rifler rundt 15 millimeter eller grovare.
Dermed blir enkelte våpen slik som kanonar o.l. refererte til som ein «6-punder», ein «25-punder», osb. Etterkvart som form og materiale i ammunisjonen har endra seg seier imidlertid dette berre noko om vekta på prosjektilet og gir ikkje lenger ein indikasjon på kaliberet, eller tverrmålet.
I norsk daglegtale nyttast ordet kaliber ofte om personar i skildrande form. Det kan vera negativt, slik som «Han var ein skurk av verste kaliber» eller postivt, som i «Men vår helt var av eit heilt anna kaliber». Dette kan ha slektskap med tidleg engelsk munnleg bruk av ordet om sosial status, kvalitet eller rang.
Kaliber | Kaliber | Kaliber | Caliber | Gauge | Kalibro | کالیبر | Calibre | Calibre | Kaliber | Calibro (arma) | קליבר | Kaliber | 口径 | Kaliber | Calibre | Калибр | Kaliber | Kaliiperi