Jotunheimen er Noregs og Nord-Europas mest kjende og mektigaste fjellområde. Her ligg dei høgaste fjella i Nord-Europa, Galdhøpiggen og Glittertind. Totalt har området over 80 toppar på over 2 000 meter.
Jotunheimen er ein del av Kjølen. Han ligg i Oppland og Sogn og Fjordane, mellom Sognefjellet i vest, Valdres i sør og Sjodalen i aust. I 1980 vart Jotunheimen nasjonalpark oppretta. Jotunheimen national park 02.jpg
Jotunheimen er eit populært turområde, og har eit godt utbygd hyttenett og mange merka stigar. Den mest populære ruta i Jotunheimen er turen over Besseggen, som går mellom Gjende og Bessvatn.
Namnet Jotunheimen vart først teke i bruk, i forma Jøtunheimen, av Aasmund Olavsson Vinje, som gjekk mykje i området i 1860-åra. Jotunheim var namnet på staden jotnane haldt til i norrøn gudelære. Området var tidleg blitt kalla Jotunfjeldene, dette var då fjellpionerane Christian Peder Bianco Boeck og Baltazar Mathias Keilhau utforska området i 1820.
norske nasjonalparkar | Jotunheimen
Jotunheimen | Jotunheimen | Jotunheimen | Jotunheimen | Jotunheimen | Jotunheimen | Jotunheimen | Jotunheimen
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Jotunheimen".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world