Bergisel-N.jpg i Innsbruck er åstad for hoppvekerennet 4. januar kvart år.]] Den tysk-austerrikske hoppveka (tysk: Vierschanzentournee, dvs. Firbakketurneringa) er ei årleg turnering innan skihopping. Hoppveka består av fire hopprenn (mellom andre Nyttårshopprennet) og har vorte arrangert kvart år sidan 1952. Som ein forstår av det norske namnet, blir renna arrangert i Tyskland og Austerrike. Ved sidan av VM og OL blir hoppveketrofeet rekna som det aller gjevaste ein skihoppar kan vinne.
Poengsummane frå kvart av dei fire renna blir lagt saman, og den totale poengsummen avgjer plasseringa til hopparane i hoppvekekonkurransen.
Det er åtte norske hopparar som har vunne hoppveka samanlagt opp gjennom tidene. Desse er Sigurd Pettersen (2003/2004), Espen Bredesen (1993/1994), Ingolf Mork (1971/1972), Bjørn Wirkola (1966/1967, 1967/1968 og 1968/1969), Torgeir Brandtzæg (1964/1965), Toralf Engan (1962/1963) og Olaf B. Bjørnstad (1953/1954).
Bakkane og datoane for bakkane er faste frå år til år.
- | Hoppbakke | By | Land | Dato | Bakkerekord | - | Schattenberg-bakken | Oberstdorf | Tyskland | 29. desember | Sigurd Pettersen, 143,5 m (2003) | - | Olympiabakken | Garmisch-Partenkirchen | Tyskland | 1. januar | Adam Małysz, 129,5 m (2001) | - | Bergisel-bakken | Innsbruck | Austerrike | 4. januar | Sven Hannawald, 134,5 m (2002) | - | Paul-Ausserleitner-bakken | Bischofshofen | Austerrike | 6. januar | Daiki Ito, 143 m (2005) |
Metoden er tenkt til å gjera det lettare for publikum å følgje med på kven som går vidare. Kritikken mot metoden er at han kan gjeve urettferdige utslag. Teoretisk er det mogleg at ein hoppar med det tolvte beste resultatet blir slege ut, samtidig som han med det 49. beste resultatet likevel blir kvalifisert til andreomgangen (ved å slå rivalen). I tillegg til å vera med vidare i det pågåande hopprennet, er det å koma med til andreomgangen òg viktig på grunn av at ein da får verdscuppoeng.
I den 50. hoppveka (2001/2002) vart Sven Hannawald, Tyskland, den første som vann alle dei fire renna i den same hoppveka.
Den beste nasjonen er Tyskland (Aust- og Vest-) med 16 samanlagtseirar (11 av dei frå DDR-tida). Deretter følgjer Finland med 15 seirar, Noreg med 10 og Austerrike med 9. Tsjekkia (/Tsjekkoslovakia) har to seirar, mens Japan, Slovenia, Polen og Sovjetunionen har ein seier kvar.
Hoppuka | Tysk-österrikiska backhopparveckan | Turné čtyř můstků | Vierschanzentournee | Nelja hüppemäe turnee | Four Hills Tournament | Tournée des quatre tremplins | Hoppvikan | Tournée dei quattro trampolini | Vierschansentoernooi | Turniej Czterech Skoczni | Turneja štirih skakalnic | Keski-Euroopan mäkiviikko
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Hoppveka".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world