article

Wonder Mike.jpg i gruppa The Sugarhill Gang var ein av pionerane innan hiphop. Foto: User: Alkivar ]] Hiphop (utt. *) er ein subkultur og musikksjanger med opphav i afroamerikanske og puertoricanske miljø i byen New York under seinare delen av 1970-talet og tidlege delen av 1980-talet. Hip hop er eit engelsk omgrep og somme skribentar fornorskar det til hipphopp og hiphopkultur.

Musikken


Den første framveksten av sjangeren kom då Afrika Bambataa starta som DJ på store illegale kvartersfestar i Bronx på 1970-talet. Ein tjuvkopla strøm frå gatelampane for å drive lydanlegga. Bambataa starta med å rappe til musikken sin og då særskilt om at gjengen på gata skulle gjere opp i battlerap i staden for å slåst og myrde på gata. Detta skjedde faktisk for ein stor del. Den første låten som vart populær utanfor dei svarte storbyområda var Rapper's Delight (1979) med The Sugarhill Gang og musikkstilen fekk eit gjennombrot med denne låten. Andre viktige pionerar var Kool DJ Herc og gruppa Grandmaster Flash & The Furious Five. Tekstane på plata The Message (1982) tar opp sosiale storbyproblem og syner at hiphop kan vere noko meir enn berre festmusikk.

Andre viktige straumdrag som følgde var den politisk drive hiphopen som gruppa Public Enemy leia under 1980-talet, og den upolitiske gangsterrappen som følgde etter i byrjinga av 1990-talet. I seinare år har hiphopen i USA blitt meir og meir stuerein og kommersielt framgangsrik, noko som mange kritikarar ser på som ei utvatning av musikkstilen.

Hiphop i Noreg


Hiphop i Noreg tok til med gruppa A-Team, som debuterte i 1989. Tekstane deira var på engelsk, norskspråkleg hiphop kom ikkje før i 1994 med Gatas Parlament.

Den første suksessfulle norske hiphopgruppa var Warlocks, som slo gjennom med singelen "Flashbacks" i 1997. Warlocks var ein del av Tee Productions, som eigast av mannen mange reknar som Noregs hiphop-"gudfar"; produsenten Tommy Tee. Andre viktige hiphop-pionerar er Jester og breakdansaren og graffitimålaren Sean

Rundt århundreskiftet vart rap på norsk meir vanleg, med gode salstal frå grupper som Klovner i kamp og Tungtvann. Mediefokuset på morsmålsrapparar førte til ei valdsam oppbløming i miljøet, og søkelyset hamna i stor grad på dei norskspråklege. I 2002 debuterte Paperboys og gav engelskspråkleg rap litt publisitet att, og i 2003 slapp Equicez det første albumet med 50/50 engelsk og norsk rap.

Miljøet har si eige årlege prisutdeling Norwegian Hip Hop Awards.

Miljøet er sterkt mannsdominert, men i 2003 vart Christine Dancke kjent med låta Jenteinvasjon.

Kulturen


Hiphopkulturen reknast å vere sett saman av fire former for uttrykk, òg kalla dei fire element i hiphop: MC-artisteri, DJ-artisteri, graffiti og breikdans.

Breikdans

Breakdance vienna.jpg. Foto: Benutzer:Henryart ]] Danseforma kallast også «street» og skil seg ganske mykje frå den tidlege hiphopen. Man dansar ein blanding av stilane «old school», «locking», «popping», «ragga», «new school» og «break». Man arrangerer tevlingar sånn at folk kan få målt dugleiken i dansing.

MC-artisteri

MC, eller Rappar er den som rappar, oftast til bakgrunnsmusikk, som DJ’en har hand om. Rapparane legg mest vekt på tekstane i framføringa, tekstane skal vere skildrande og handle om noko, samtidig som dei skal innehalde rim og ordleikar. Tekstane skil dei røynde frå dei urøynde rapparane. Eit anna viktig kriterium for MC’en er flyten, «flow», som fortel korleis han legg orda i forhold til beaten.

MC betyr «Master of Ceremony» og omgrepet stammar frå gatefestene som var vanlige i Bronx under framveksten av hiphop. Under festane så freista arrangøren, MC’en, å skape orden blant folk på gata med mikrofon i handa.

DJ-artisteri

DJ er den som skøyter skivespelarane anten som einsam artist eller saman med andre MC’ar og/eller DJ’ar.

Graffiti

Graffiti er ein abstrakt eller surrealistisk kunstform, til vanleg måla med sprayfargar på veggar, ofte illegalt. For den ihuga graffitimålaren gjelder det å gjere namnet sitt kjent blant andre målarar gjennom kunstnarleg førleik og djervskap i å måla på utilgjengelege stader. Då dette ofte skjer på plassar kor spraymåling ikkje er tillate, lever graffitimålaren i natta, i konflikt med vektarar og andre ordensmakter som stundom grip inn for å stogge slik verksemd. Graffiti Panorama rome.jpg ]]

Kjelder


Musikksjangrar

Hiphop | Hiphop | Hiphop | Hip Hop | Hip hop | Hip hop | Hip Hop (Subkultur) | Hip hop culture | Hip hop | Hiphopo | Hip hop | Hip hop | 힙합 | Hip hop | היפ הופ | Hip-Hop'as | Hip-hop | Hiphop | ヒップホップ | Hip hop | Hip hop | Cultura hip hop | Хип-хоп (субкультура) | Hip hop | Hip-hop | Hip hop | Hip Hop | 嘻哈

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Hiphop".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld