article Related Topics:
Hannover
 

Hannover - Kroepcke.jpg 2004.]] Hannover er ein by i Nord-Tyskland ved elva Leine. Han er hovudstaden i den tyske delstaten Niedersachsen, og styrar òg den mindre Hannover-regionen som ligg rundt. Byen har eit folketal på 517 000 (31.12.2002).

Hannover er ein kjend messeby. Kvar sommar huser han verdas største datamesse, CeBIT, og industrimessa Hannover Messe. I 2000 var Hannover vert for verdsudstillinga Expo 2000. I 2006 skal fleire fotballkampar for verdsmeisterskapet i denne idretten føregår her.

Historie


IMG 2611.JPGet i Hannover.]] Hannover var opphavleg ein landsby av fiskarar og ferjemenn. Han vaks til ein by i mellomalderen, då ein mellom anna byggde bymuren og fleire kyrkjer.

Greven av Braunschweig flytta til byen i 1636, og grevskapet hans vart sidan kalla Hannover. Denne adelsslekta skulle seinare få innpass i det britiske kongehuset. I fem generasjonar var den britiske monarken òg regent av Hannover. Då Victoria overtok trona i Storbritannia gjekk kongedømet Hannover over til den næraste mannlige arvingen.

Hannover Gehry-Tower.jpg.]] Hannover vart annektert av Preussen i 1866. Byen fortsette å veksa, men vart som så mange andre tyske byar svært øydelagd av bombeåtak under den andre verdskrigen. På grunn av dette har Hannover også mange moderne bygg.

Industri


Niedersachsen er eit viktig industriområde, og i Hannover ligg fabrikkane til mellom anna Volkswagen og Mercedes-Benz. På 1800-talet blei industrikonsernet Hanomag ein viktig industri i byen. Konsernet vart kjøpt opp av Mercedes-Benz på 1960-talet.

Anna


Lenkjer ut


Byar i Tyskland | Byar i Niedersachsen

Hannover | Hannover | Hannover | Hannover | هانوفر | Hannover | Хановер | Hannover | Hannover | Hannover | Hannover | Αννόβερο | Hanover | Hanóver | Hanovro | هانوور | Hanovre | Hannóver - Hannover | 하노버 | Hannover | Hannover | הנובר | ჰანოვერი | Hannover | Hannoveria | Hannovere | Hanoveris | Hannover | Hannover (stad) | ハノーファー | Hannober | Hanower | Hanôver | Hanovra | Ганновер | Hanover | Hannover | Hannover | ฮันโนเวอร์ | Hannover | Hannover | 漢諾威

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Hannover".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld