article

Guy Verhofstadt (fødd 11. april 1953 i Dendermonde) er ein belgisk liberal politikar som sidan 12. juli 1999 har vore statsministeren i Belgia.

Han vert rekna som ein ivrig EU-føderalist, og var favoritten til den tyske kanslaren og den franske presidenten til å verte ny president for EU-kommisjonen i 2004. På grunn av motstand mot Irak-krigen oppnådde han ikkje støtte frå land som hadde støtta denne krigen.

På grunn av sitt radikale syn på økonomi har han fått tilnamnet «Baby-Thatcher», og vert òg kalla «da joenk», nedlatande 'den guten'.

Verhofstadt er flamskspråkleg, utdanna som jurist. Han var politisk aktiv under studenttida og blei seinare tilsett som sekretær for Willy De Clercq, som då leia det flamske liberale partiet (PVV). I 1982, som tjueniåring, blei han sjølv leiar av partiet.

Belgiske politikarar | Belgiske statsministrar | fødde i 1953

Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Ги Верхофстад | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | Guy Verhofstadt | 盖·维霍夫斯塔

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Guy Verhofstadt".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld