Guano (frå quechua wanu) er namnet på oppsamla avføring frå sjøfuglar og flaggermus.
Guano er sett saman av ammoniakk, urinsyre, fosforsyre, oksalsyre, karbonsyre samt enkelte salt og ureinskapar. Han kan nyttast som gjødsel fordi han inneheld mykje nitrogen. Jord som manglar organisk materiale kan gjerast meir produktiv ved å sette til guano. Guano.jpg
Ein føresetnad for at guano skal dannast er eit tørt klima fordi regnvatn elles vil drenere vekk nitrata i han. Guano har vore vunne ut på enkelte øyar i Stillehavet (t.d. Chincha-øyane utanfor sørkysten av Peru, på Nauru) og på øyar i andre hav (til dømes Juan de Nova i Indiahavet) og på øyar utanfor Sør-Afrika og i Karibia. Desse øyane har husa store koloniar med sjøfugl og over mange hundre år kor guanoen vart opptil fleire meter høg.
Phalacrocorax bougainvillii1.jpg]] Stillehavskysten av Sør-Amerika har hatt guanoførekomstar med ei lang historie og stor økonomisk verd. I mange hundre år vart guano samla langs kysten av Peru, der øyar og utilgjengelege kystlinjer har vore verna frå menneske og rovdyr. Dyrking av mais krev gjødsling og det er kjent at folket i inkariket brukte guano i jordbruket frå øyane utanfor Peru. Det var først rundt 1840 at guano frå Sør-Amerika fekk stor økonomisk verd med utvinning i stor skala. Verksemda vart administrert av private og statlege selskap. Storleiksperioden varte i ca 30 år og i dag er verksemda sterkt kontrollert og regulert.
På øyane utanfor Peru har guanoskarven vore den mest vektige produsenten av guano. Guano som denne skarven lager brukar å innehalde meir nitrogen enn guano frå andre sjøfuglar. Andre artar som er viktige guano-produsentar langs kysten av Peru er den peruanske pelikanen (Pelecanus thaguis) og perusule (Sula variegata).
Den høge konsentrasjonen av nitrat gjorde guano til ei militærstrategisk handelsvare. Spania okkuperte Chincha-øyane frå 1864 til 1866 i Guanokrigen kor Bolivia, Chile og Ecuador hjelpte Peru med å kaste ut spanjolane. Ein krig som vart kjempa mellom Peru og ein allianse mellom Bolivia og Chile var i hovudsak eit resultat av Bolivias forsøk på å skattleggje chilenarar som samla guano. Chile vann den såkalla Salpeterkrigen (Stillehavskrigen), som vara frå 1879 til 1883. Gjødselet vart etter dette mykje kalla «Chilesalpeter».
kjemiske stoff | gjødsel | ord frå quechua
Guano | Guano | Guano | Guano | Guano | Guaano | Guano | Guano | Guano | Guano | 구아노 | Guano | גואנו | Guano | グアノ | Guano | Guano | Гуано | Guano | Guano | Гуано