Grønlandsk (på grønlandsk: kalaallisut, ‘menneska sitt språk’), er eit eskimoisk-aleutisk språk som blir snakka av om lag 50 000 menneske på Grønland. Det er i nær slekt med dei andre eskimoiske språka, særleg med inuktitut, som blir snakka i Nunavut i Canada. Grønlandsk er eit polysyntetisk og ergativt språk, som dannar nye ord ikkje med samansetjingar, men med avleiing frå røter med hjelp av (ofte fleire) avleiingsaffiks.
Det er tre grønlandske dialektar, nord-, vest- og austgrønlandsk. Vestgrønlandsk er den største, og blir snakka på mesteparten av vestkysten. Skriftspråket byggjer på vestgrønlandsk. Nordgrønlandsk (inuktun) blir snakka rundt Thule (Qaanaaq) og er ein overgangsdialekt til inuktitut. Austgrønlandsk skil seg mest frå dei to andre; distansen frå vest- til austgrønlandsk kan vere vel så stor som den vestover til inuktitut.
Grønlandsk har eit svært enkelt vokalsystem, med berre tre vokalfonem, /i/, /a/, /u/, som har låge allofonar foran uvulare lydar (/r/, /q/).
Grønlandsk har to opne ordklasser, substantiv og verb. Verba er delt inn i to klasser, intransitive og transitive; dette skiljet er grunnleggjande — ikkje berre for syntaksen, men også for morfologien til verba. Grønlandske verb kongruerer med både subjekta og objekta sine, og dei intransitive verba manglar fullstendig objektskonjugasjon. Grønlandsk har fire personar (første, andre, tredje og fjerde (refleksiv)), to numerus (singularis, pluralis; grønlandsk manglar altså dualis, som vi finn i inuktitut), sju modi, indikativ, interrogativ, imperativ, optativ, kausativ, partisipp, iterativ.
Substantiva er delt inn i to bøyingsklasser, ein regelrett klasse (p-klassen, som har suffikset -p i relativt kasus), og ein uregelrett klasse (up-klassen, som har suffikset -up). Dei siste hundre åra har fleire og fleire substantiv gått over frå up- til p-klassa. Denne overgangen har resultert i ei eiga overgangsklasse av substantiv som blir bøygde dels etter up- og dels etter p-mønsteret. Grønlandsk har åtte kasus — absolutiv, relativ, terminativ, ablativ, lokativ, ækvativ, instrumentalis og vialis. Substantiva blir bøygde i numerus, kasus, og person og tal for possessor.
Grønlandsk blir skrive med det latinske alfabetet. Skriftspråket skil seg frå skriftspråket til dei andre eskimoiske språka m.a. fordi dei fekk eit standardisert skriftspråk relativt tidleg, nemlig ved Samuel Kleinschmidt sin standard frå 1850-åra. Denne rettskrivinga var gjeldande fram til 1973 og brukte m.a. ein spesiell bokstav, bokstaven Kra (ĸ, Ux0138 i Unicode), for å markere glottal stop (IPA ʔ). I den nye ortografien, som betre speglar det moderne talespråket, blir glottal stop representert med bokstaven q. Ein får eit godt bilete av grønlandsk språkutvikling dei siste 100 åra viss ein samanliknar ein tekst skriven etter ny og gammal rettskriving, t.d. ved å samanlikne ei ny og ei gammal ordbok. Den nye rettskrivinga har innført konsonantassimilasjonar der det på tidlegare språksteg var distinkt uttale.
Skriftspråket gjev ein god representasjon av det grønlandske språket.
Som polysyntetisk språk bruker grønlandsk eit relativt lite sett av røter, men desse kan ved avleiing danne svært mange ordformer. Dette kan vere bakgrunnen til myten om at det på grønlandsk skulle vere mange ord for snø. Grønlandsk har berre to distinkte ord for snø, qanik (snø som fell) og aput (snø som ligg på bakken).
Språk | Eskimoisk-aleutiske språk | Grønland
Grønlandsk språk | Grönländska | Grønlandsk (sprog) | Kalaallisut | Гренландски език | Kalaallisut | Kalaallisut language | Idioma groenlandés | Gronlanda lingvo | Kalaallisut | 그린란드어 | Grænlenska | Kalaallisut | Grönlandi nyelv | Groenlands | グリーンランド語 | Língua groenlandesa | Grönlannin kieli | Kalaallisut | 格陵兰语
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Grønlandsk språk".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world